Energiregion Møre i samarbeid med Svorka inviterte i fjor 11 bedrifter i Surnadal, Rindal og Halsa til motivasjonsmøte for å komme i gang med eit pilotprosjekt for energiøkonomisering. Talgø Møbelfabrikk, T-Komponent og MøreTre er tre av i alt 9 nordmørsbedrifter som vart med på første del, som gikk ut på å gjennomføre ei enkel energianalyse av bedrifta, fortel rådgjevar Einar Oterholm i Energiregion Møre.
Les heile saka
Laurdag 23. oktober kl 13 opnar ho utstillinga «Parkett» i Kunstsentret i Molde. Denne veka har Toril Redalen og Narve Talgø vore i full sjau med monteringa i Kunstsentrets prosjektgalleri. På Kunstsentrets nettside finn du meir omtale om Toril og utstillinga i Molde.
Les heile saka
Da er ladning nr to med koppar ankomme Hals, klare for salg. Vi såg at dei med hank var mest populære, så dei har vi teke inn att rikeleg av, håpar vi.
Les heile saka
Todalen.no har fått tilsendt bileter frå den første utforkjøringa ( som i allefall er dokumentert) på den første snøen som kom litt brått på noken av oss. Ein ålvundfjording, bosatt i Surnadal freista i går morgon å komme seg til Kårvatn på sommardekk. Det gjekk ikkje så bra, og turen endte i grøfta ved Falla.
Les heile saka
Todalen sokneråd minner om familiegudstenesta søndag 24. oktober kl 11. Det blir da både utdeling av 4- og 6-årsbøker, konfirmantpresentasjon, dåp. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe, med saft og bollar til dei minste. Her finn du plakaten som PDF-dokument.
Soknerådet ønsker alle velkomne!
Måndag kveld var dei valgde foreldrekontaktane ved Todalen Oppvekstsenter samla for å sette det nye styret. Nyvalgt leiar vart Turid Sæther, nestleiar Laila Kvendset og skrivar Ola Einar Øyen. Dei resterande medlammane er Ann Kristin Kallset, Anne Hjørdis Telstad, Line Kvendset Anton Brusethaug og Ragna Kvendset
Les heile saka
I kveld var det baking på gang oppi Todalsskulen. Årets matgruppe laga diverse kaker og godt som no blir fryse ned, som skal serverast til haustfesten. Her finn du også ei oversikt over kva som skal skje vidare i 4H før haustfesten.
Les heile saka
Vinteren kryp innpå oss, og dersom yr.no treffer på med værmeldinga det næraste døgeret er det nok kvitt på marka i morgon. Det er og meldt meir snø utover onsdagen og ein kald vêrtype heile veka til endes. Det er på høg tid å skifte over til vinterdekk og klargjere bilen til vinters.
Les heile saka
Laurdag den 23.oktober arrangerer Start 4H tur til Nordviksetra. Det er oppmøte på forsamlingshuset på Nordvik kl.11.00, så går vi opp saman. Turen er open for alle, så det er berre å ta med slekt og venner!
Les heile saka
I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening basar i Sanitetshuset. Det må seiast at det var eit veldig godt oppmøte. Så godt at lokala mesta til tider var for små. Men som nestleiar Maren Ansnes sa til slutt; dei innkomne pengane vil ikkje bli innvestert i utbygging for det. Dei kjem i staden att til bygda i ulike samanhengar, og naturleg nok vedlikehald og drift av Sanitetshuset
Les heile saka
Todalen Idrettslag samla eit lite femtital publikummere da dei arrangerte Kultmakarkveld i Todalen ungdomshus laurdag kveld. Dei innleia kvelden med salg og servering av Thaimat, og kokkelaget må jammen få skryt for nytt og friskt innslag på matfronten. Til undehaldninga hadde dei fått forstekningar frå nabokommunane Halsa og Rindal, og spesielt Arne Landsem framføring av «Visarbekren» fall i smak.
Les heile saka
I neste uke får Talgø besøk NTNU i Trondheim. Det er ca 15 fjerdeårsstudenter fra Institutt for produktdesign som sammen med veiledere skal besøke Talgøbedriftene T-Komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk. De skal samarbeide med Talgø om et prosjekt for å skape kreative og funksjonelle løsninger basert på hobbyplater i furu fra T-Komponent. Furu er på nytt aktuell for møbelproduksjon igjen, og Talgøkonsernet går spennende tider i møte.
Les heile saka