Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen.no held deg faktisk oppdatert…

Todalen.no held deg faktisk oppdatert…

Elinor Bolme Torsdag 21. oktober 2010

Todalen.no har fått tilsendt bileter frå den første utforkjøringa ( som i allefall er dokumentert) på den første snøen som kom litt brått på noken av oss. Ein ålvundfjording, bosatt i Surnadal freista i går morgon å komme seg til Kårvatn på sommardekk. Det gjekk ikkje så bra, og turen endte i grøfta ved Falla. Då heldigvis utan personskadar.

Dette til tross for at todalen.no dagen før hadde eigen reportasje om ver- og føreforhold dei kommande dagane der det vart påpeika at det kanskje var på tide med eit hjulskifte. Saka om det kan du sjå her.

Så det løner seg å følgje med…

Publisert: 21. oktober 2010, 12:03