Måndag kveld er det moglegheiter for å kunne prøve zumba også her i Todalen. Ein gjeng trimlystne damer har vore i kontakt med Thatianny for å laga eit lite innføringskurs for interesserte. Og Thatianny sa seg villig til å lære bort denne no utruleg populære trimforma.
Les heile saka
Onsdag 8. september kl 19.30 held Halsesamlinga almannamøte i Gammelskulen. Samtidig er det også høve til å sjå seg rundt i Halsesamlinga, og det blir enkel traktering på møtet. Alle todalingar har møterett til almannamøtet, som følgjande saker på saklista:
Årsmelding
Årsrekneskap
Val av revisor
Flytting av Halsesamlinga til biblioteket ved Todalen skule
Legge Halsesamlinga inn under Todalen Historielag
Innkomne saker
Det er høve til å melde inn saker til styret v/Ragnhild Ansnes Moe innan 31. august.
Tysdag 7. september startar Todalen Sanitetsforening på igjen med medlemsmøte. Det skjer i Sanitetshuset og startar kl 19.30, og dei ønskjer både nye og gamle medlemar velkomne. Foreninga har fått mange nye medlemar dei siste åra, men det er plass til enda fleire, seier sekretær May Elisabeth Holten til Todalen.no
Les heile saka
…for jaktsesongen? , spør Surnadal velværesenter. Todalen.no har fått spørsmål om ikkje vi kan hjelpe til med å utfordre jaktlaga i Todalen til å bli mest mogleg i form til jakta. Velværesenteret har difor lagt opp til at interesserte jegarar kan konkurrere jaktlaga i mellom.
Les heile saka
For dei vaksne var det nok vandringa med Jon Bojer Godal som fanga størst interesse, medan dei små var mest interessert i dei 7 lamaene som gikk på beite nedmed naustet i Svinvika. Det var Todalen historielag i samarbeid med Stangvik historielag som arrangerte familiedagen i Svinvika, og Jon Bojer Godal ga oss ei interessant inføring i gamle byggeskikkar på vandringa mellom dei gamle husa i Svinvika. Det er i dag 25 hus som høyrer til garden, og mange av dei er riktig gamle.
Les heile saka
Dei ivrigaste starta allereie i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.
Les heile saka
Frå Randi og Vidar Sogge har vi fått bilde frå Stavganggruppas tur til Storhaugen torsdag. Dei starta frå lunningsplassen oppi Brusetbotnå og gikk opp etter skogsvegen som går opp til Skarsmyra, og vidare utover igjen til trimposten på Storhaugen. Derifrå er det ein flott utsikt utover Todalen, og den var det mange som vart imponert over. På Storhaugen vart det fotografering, og sjølvsagt tid for å nyte niste og ein kaffedråpe frå termosen. Nedatt gikk turen etter turstien som kjem ned like ovafor lunningsplassen.
Les heile saka
Da er tida kome for eit nytt blogginnlegg. Sist gongen var det Anikken Talgø som vart utfordra av Birgitte Kallseth som de kanskje hugsar. Og her er resultatet.
Les heile saka
Torsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode grønmyr har sendt oss bilde fra aktivitetane på Bordholmen denne kvelden. Han vil at fleire skal nytte høvet til å ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september. Han skriv: «Torsdag starta lagseriestemne opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i år, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med.
Les heile saka
Det blir sagt at alle snakkar om vêret, men at ingen gjer noko med det…! På baksida av eit avisutklipp frå 26. august 1955 som Ragna Kvendset har sendt oss, fann ho ein bit av ein artikken om nokon som hadde tenkt å gjera noko med det. Da var orkanen «Edith» på veg mot land, og sjefen for den amerikanske vêrvarslinga vurderte om han skulle slippe ei atombombe midt i stormsentret som ei muleg løysing.
Les heile saka
24. august 2009 blei første innlegg lagt ut på Todalen.no, altså for eit år sidan. Her finn du litt informasjon om kor mange saker og besøkande sida har hatt gjennom det første året.
Les heile saka
Dei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.
Les heile saka