Deler av styret i Start 4H velger å avlyse fritidsklubben med tilhald på Bordholmen resten av året. Dette fordi det dei siste gongane har vore tendensar til uro blandt dei frammøtte. Dei eldste i styret har stått for dette tilbodet, og ser seg ikkje råd til å fortsette å oppretthalde tiltaket når det skal vera slik.
Les heile saka
Skogkompaniet har rydda eit større område oppå Fallå for skog og kratt med tanke på utbygginga av Todalparken. No går alt virket i flishoggaren for å bli til brennbar biomasse som skal brukes til fyring hos MøreTre i Surnadal. Kristen Bruset i Skogkompaniet fortel at alt virke er teke ut som heltrær med kvisten på, og flisa skal brukast som ein testleveranse til fyringsanlegget hos MøreTre. Der skal gjerast ulike målingar undervegs, i eit prosjektetstudie i samarbeid med Fylkesmannen i M&R.
Les heile saka
Laurdag 20.november er det basar i Bondehuset melder Stangvik grendalag. Her annonseres det både med pilkast, åresalg og kaffeservering. Inntekta går til drift og vedlikehald av Bondehuset.
Les heile saka
Søndag inviterer Todalen historielag til bokbad og premiere for det nye årsskriftet for 2010, som da kjem i salg. Årsskriftet er nr 9 i rekkja, og i årets utgåve finn du heile 80 sider med variert og rikt illustrert todalshistorie. Nytt av året er eit bildegalleri som i år har 17.-maifeiring som tema. Heftet kostar kr 150,-, og kan kjøpast frå søndag. Frå måndag kjem det i salg på ICA Todalen som vanleg.
Les heile saka
Tysdag fekk skulen besøk av politiet, og det er alltid stor stas når dei kjem. Dei kom for å dele ut refleksvestar til 1. klassingane og for å fortelje kor viktig det er at ein blir sett i trafikken. Politiet tykte det var bra at mange bruka refleksvest når dei gjekk eller sykla til skulen.
Les heile saka
Måndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.
Les heile saka
Etter ei avstemning med ei rekordhøg deltaking på 146 stemmer, var det det fine haustvèret frå Lauvåfjellet som vann Månadens bilete for oktober. Fotograf er Jo Gjeldnes, og biletet fekk 45 av stemmene. Her finn du alle kandidatane, og oversikt over kven som har tatt bileta.
Les heile saka
Surnadal Kunstforening inviterer til medlemskveld i kafeterian i Svinviks arboret onsdag 17. november kl 19.
Toril Redalen er invitert for å fortelje om arbeidet og prsosjekta sine.
Både medlemar og andre er hjarteleg velkomne! Sjå plakaten her.
Tirsdag kveld spiller Kristiansund mot Ålesund i bylagsserien for småguttespillere.. Også denne gang har vi fått med to Søya/T/K/U-spillere i 16-troppen, som er plukket ut fra klubber fra hele Nordmøre. Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø får dermed sjansen til å prøve seg i kamp mot sine jevngamle talenter fra Ålesund og omegn. I første kamp i bylagsserien ble det 2-2 mot Molde, og senere i høst er det kamp mot Ulsteinvik (søre Sunnmøre).
Les heile saka
Laurdag kveld går siste framsyninga av bygdarevyen «18 centi» i Surnadal kulturhus. Da er det kjørt 4 forestillingar med fullsett sal, og Svarrabærje teaterlag kan sjå attende på nok ein revysuksess. Og det er heilt utruleg kva den dyktige revygjeng har fått til, der vi vart losa gjennom 28 forskjellige revynummer i løpet av eit par kveldstimar. Vi opplevde at det eine høgdepunktet tok det andre gjennom heile framsyninga, og det var god kontakt med publikum som var rause med applausen.
Les heile saka
Onsdag var det klart for sesongens andre herretrim, og oppmøtet tyder på at det er eit populært tilbod. Hele tretten deltakere hadde møtt opp, som gjør at det var gode muligheter for spille både volleyball, fotball og innebandy. Herretrimmen foregår hver onsdag kl 20.00 utover vinteren, og da er det bare å møte opp uavhengig av ferdigheter og form.
Det er tid for hjortfest igjen, og laurdag 27. november kl 20 er tida og Todalen Ungdomshus er staden. Todalen idrettslag er arrangør, medan jaktlaga på sørsida av dalen (Bruset/Øya/Ørsal/halset) er vertskap. Festsjef Ståle Ansnes fortel at dei har mykje å by på, og han røpar samtidig menyen, der «årets hjortegryte» er hovudrett. Billettar selges på ICA Todalen, og kostar kr 200 som dekkjer inngangsbillett og mat.
Les heile saka