Todalen Idrettslag samla eit lite femtital publikummere da dei arrangerte Kultmakarkveld i Todalen ungdomshus laurdag kveld. Dei innleia kvelden med salg og servering av Thaimat, og kokkelaget må jammen få skryt for nytt og friskt innslag på matfronten. Til undehaldninga hadde dei fått forstekningar frå nabokommunane Halsa og Rindal, og spesielt Arne Landsem framføring av «Visarbekren» fall i smak.
Les heile sakaFurua kjem att?
I neste uke får Talgø besøk NTNU i Trondheim. Det er ca 15 fjerdeårsstudenter fra Institutt for produktdesign som sammen med veiledere skal besøke Talgøbedriftene T-Komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk. De skal samarbeide med Talgø om et prosjekt for å skape kreative og funksjonelle løsninger basert på hobbyplater i furu fra T-Komponent. Furu er på nytt aktuell for møbelproduksjon igjen, og Talgøkonsernet går spennende tider i møte.
Les heile sakaKultmakarkveld med Thaimat
Laurdag kveld er det Kultmakarkveld i Ungdomshuset. Da Todalen.no var innom Ungedomshuset fredag kveld var kjøkkengjengen i full gang med førebuinga. Dei skal nemleg servere Thaimat denne kvelden. Det var stor entusiasme å spore i produksjonen av vårruller, og matduftene eg kjente ga dei beste signal for å anbefale kveldens siamtallerken. Og dette blir nok ekte saker, for med på kokkelaget var Malii Brusethaug, som nok har spisskompetanse på Thaimat.
Les heile sakaFokus på integrering.
Ikkje så alt for mange av dei innflytta innvandrarane i Todalen tok turen til Sanitetshuset då Folkeakademiet i Surnadal inviterte dei til «Frå innvandrar til medborgar» tirsdag kveld. Men dei som kom vart godt mottekne av delegasjonen frå Skei. Leiaren i folkeakademiet, Else Brandvoll Andresen informerte om kva laget sysslar med, og hvilke framtidsplaner dei har.
Les heile sakaMånadens bilete for september
Då er avstemninga for månadens bilete for september ferdig, vinnaren denne månaden blei Regn – sol – måne av Kristian Gjeldnes. Vi gratulerer, og premiekruset vil leverast snart.
Vi håpar alle fortsetter med å senda inn bilete, sjølv om dagslyset no begynner å forsvinna tidlegare på kvelden.
Populært leikeapparat.
Da er anleggsverksomheita på skule- og barnehageområdet snart komme i mål. Og i den anledning er det nye leikeapparatet vorte teke i bruk. -Dette er eit veldig populært punkt på skuleplassen, kan Britt Mossing fortelja, når todalen.no som snarast passerte. Så langt er ballbingen vorte utdanka.
Les heile sakaLitjtausa, to feler kan lyfte tak!
Onsdag var det skulekonsert, og da fekk vi besøk av to felespelande damer på skulen. Dei spela så busta fauk og sjarmerte publikum. Elevane var både med å klappa, song og dansa, så dei sjarmerte musikarane! Det vart ei kjempefin musikkstund i hallen. Musikarane heiter Julie Alapnes Normann og Marie Fårr Klåpbakken, dei spelar både tradisjonsmusikk og eigenkomponert musikk. Og dei viste at dei er opne for nye impulsar ved å spele ein låt av Michael Jackson
Les heile sakaSkog-kompaniet er medlem
Så har vi fått eit nytt medlem igjan! Denne gongen er det Skogkompaniet As som er komne med som medlem i Todalen.no. Akkurat no har dei forresten oppdrag i Todalen, da dei ryddar skog i området oppi Falla der det foreligg planer for Todalsparken. Der blir ei skogsryddarmaskin og ein lastbærar i aksjon denne veka og litt ut i neste veke, fortel dagleg ledar i Skogkompaniet Kristen Bruset.
Les heile sakaStiftinga Gammelskulen lokalhistorisk- og fleirkulturelt senter
Ei prosjektgruppe som arbeider med planer for å bevare Gammelskulen og utvikle den til eit lokalhistorisk og fleirkulturelt senter, ynskjer å invitere alle som er interesserte til å ta del i prosjektet som tek sikte på å:
· Ta vare på og vise den rike bygdekulturen vi har
· Ta vare på og vise det fleirkulturelle mangfaldet vi har i kommunen
Frå innvandrar til medborgar
I morgen kveld kjem Folkeakademiet i Surnadal til Sanitetshuset for å prøve å samle alle innvandrarane som bur i Todalen. Dette er eit landsomfattande satsningsområde som også lokallaget i Surnadal er med på. Dei har slike treff jamnleg i Surnadal sentrum, og ønsker no å sjå om dei kan få til noko her i Todalen også.
Les heile sakaNye trimbøker på plass!
No er det kome på plass nye trimbøker på alle postane til Trimgruppa i T.I.L. Dei gamle bøkene er tekne inn for oppteljing av resultatet, og det vil nok etter kvart bli premiering av dei som har flest besøk, eller som blir trekte ut som vinnarar. Dei nye trimbøkene blir no liggjande i trimkassane heilt fram til hausten 2011. Du har altså høve til å registrere trimturar eit heilt år, når det passar deg sjølv.
Les heile sakaKorslag med suksess
Surnadal idrettshall var fylt til siste plass laurdag, da Surnadal Sparebanks «Store Korslag» gikk av stabelen. 7 kor med over 200 deltakarar var med og gjorde arrangemnentet til ein suksess som imponerte dei mange publikummarane. Kora kjempa om fleire gjeve prisar. Men den gjevaste av alle var nok publikumsprisen, og her var det Åsskardkoret som trekte det lengste strået.
Les heile saka