På tampen av veka kom dei fleste i gang med siloslåtten. Været har ikkje vore optimalt dei siste dagane, men yr.no lover egentleg ikkje noko betring med det første, seier Ståle Ansnes, ledar i Todalen Bondelag. Todalen Samdrift hadde håp om å fylle siloen før dei tok helg. Aasmund Longva Kvendset var i gang med å lage siloballer, medan Olav Halle hadde besøk av reparatør da vi tok ein lynrunde rundt bygda laurdag ettermiddag.
Les heile saka
Allsongkvelden – Tonar under kyrkjetårn samla mange tilhørarar i Todalen kyrkje pinsaftan. Etter at pinsehøgtida var ringt inn starta allsongkvelden med innmarsj med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor med Grautmarsjen. Dirigent og kromtapp for heile arrangementet, Bernt Bøe, ønska velkomen og leia allongkvelden på ein framifrå måte og krydra programmet med gode historier. Det var nok mange gode songarar tilstades i kyrkja denne kvelden, for aldri har nok allsongen ljoma så fint i kyrkja som denne kvelden.
Les heile saka
Laurdag arrangerte Todalen Småbåtforening dugnad rundt småbåthamna. Det var tid for å rydde rundt hamna og badestranda som ligger like ved. Leiar i Todalen Småbåtforening, Lars Stensby, var godt fornøgd med det som blei gjort i løpet av de drøye to timane dugnadsgjengen arbeida. Det blei slått gras, rydda noko trær og plukka søppel rundt på moloen og ved badestranda.
Les heile saka
Vi minner om allsongkvelden i Todalen kyrkje i kveld kl 18.00. I spissen for eit variert program står Knut Iversen, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor. Kor og musikkensemble vil også urframføre «Folketonemesse» – laga av organist Bernt G. Bøe. Dette verket er laga over folketonar fra Todalen i høve kyrkjejubileet. Allsongkvelden er ein del av både Vårsøghelga og 150-årsjubileet for Todalen kyrkje. Les meir om programmet her.
Da er Kleivakvelden 2011 unnagjort, med Dordi Skuggevik Tande som vinnar av årets Kleivapris, og Odd Nordstoga som hovedattraksjon. Men det var slettes ikkje alt; dei frammøtte fekk vera med på ein allsidig kulturkeveld på heimplassen til Hans Hyldbakk. Standarden vart i grunnen satt då Henning Sommaro og John Pål Inderberg ønska velkomne med «E slåttatæja». Jenny Elisabeth Klinge var kveldens konfransier og losa publikumet gjennom arrangementet i lag med Henning som kunstnerisk leiar.
Les heile saka
Todalen Småbåtlag inviterer medlemar og andre til dugnad i småbåthamna laurdag 11. juni kl 1200, fortel Lars Stensby, som er ledar i laget. Det må gjerast ein innsats for å «forskjønne» området før sommaren kjem for fullt. Plana for dagen er forskjønning av området, rydding, plenslått og anlegg av plen på moloen. Ta med spade, rive og trillebår. Vel møtt!
Torsdag var det start på Våsøghelga. Dermed er 4 dagar med eit variert og tettpakka program i gang. Batteri sesongdebuterte med opningskonsert i Surnadal kulturhus. Dette kan du lese meir om på Trollheimsporten og på Driva.no. På fredagens program står mellom anna Kleivakvelden som startar kl 19.00. Her vil vi mellom anna få oppleva Odd Nordstoga i samspel med henning Sommero. Sjå heile programmet på Vårsøghelgas heimesider.
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest torsdag 9. juni på Tellesbø i Surnadal for å gå opp til dei øvste gardane på Telstad. Gradstokken viste fleire og tjue varmegrader, og sveitten rann livleg nedetter ryggen medan stavgangarane forserte dei bratte bakkane opp til Nestua på Øvre Telstad. Eigaren, Sverre Einmo, hadde gjeve oss frie tøylar til å rigga til sitteplassar, og snart var alle 29 turdeltakarane samla i ein ring på vollen nedanfor stuehusa.
Les heile saka
Halsesamlinga er no på plass i biblioteket i Todalen Skule, og det er mogleg å ta ein titt når biblioteket er åpent. Biblioteket er åpent to gonger til før sommarferien, 9. juni og 16. juni, frå 18.00 til 20.00.
I år skal det blir hard konkurranse under Nordmarkstråkket. Ein gjeng iherdig syklistar frå bedriftene i Talgøkonsernet har lagt seg i trening for å ta del i årets sykkelkonkurranse over Nordmarka. I helga hadde dei «treningsleir», og sykla frå Rindal/Surnadal til Todalen. Dei fleste blir nok å finne i trimklassen, men det er også kandidatar til racerklassen som for eksempel Rune Kvande på laget. Rune kjørte runden på 1.46.11 i fjorårets konkurranse og vann sin klasse.
Les heile saka
Denne månaden kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete. Biletet «En humles hverdag!» fikk 67 av dei 180 stemmene, i sterk konkurranse med «Magisk solnedgang» av Oda Halle rett bak.
Les heile saka
Todalsdagen nemar seg med stormskritt – 2. juli er det full rulle på Bordholmen, og i år som i fjor er det Bjørn Hauglann som er sjef for arrangementet. Bjørn fortel at dei allereie er godt i gang med planleggjinga av arrangementet, og det første tegnet på at det er ting på gang er starten på lotteriet. I år er det kjempefine gevinstar, med eit MøreRoyal hagebord med 6 stolar i kunstrotting til ein verdi på 12.990. I tilleg er det utlodda ein fin og ny trøbil av same typen som dei som finns på Bordholmen. Denne er nok «innertier» for alle smårollingar, og har ein verdi på ca 4500
Les heile saka