Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mista mange lam på fjellbeite

Mista mange lam på fjellbeite

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. september 2011

For andre år på rad har Gudmund Kvendset stor tap av sau på fjellbeite. I fjor mangla 15 dyr etter beitesesongen, og i år er det enno verre da 20 dyr av ein flokk på 87 dyr er borte. Sauene har gått på beite i området Kvennsetdalen og Lauvåfjellet, og har nok vore hatt hyppige besøk av jerven i sommar. Under starten på rypejakta vart det også observert jerv på Nordåbotnsida av Steintælfjellet, og da er det ikkje lange vegen til beiteområdet for sauebesetninga til Gudmund.

Gudmund har aldri tidlegare hatt slike tap som dei to siste åra. Han har drevet med sau sia 1962, da han tok over drifta i Viastua, og har i perioden fram til 2009 eit gjennomsnittleg tap på 1,5 dyr pr år. Dette er eit normalt tap da ein reknar med at sjukdom og ulykker er årsak til omlag 2% av tapa.

Når tapet kjem opp i 24%, slik som i år, ligg tapet 10-12 gonger over normalen. Gudmund er redd at Mattilsynet skal kreve beitenekt med slike tap, og da blir det kroken på døra i smalastallen, sier han. Han har nemleg ikkje sommarbeite for sauen heime på garden, der han driv intensiv mjølkeproduksjon.

Gudmund seier han vil prøve å drive vidare med sauer eit år til, men dersom tapet på beite blir slik som dei to siste åra blir det nok slutt. Det er synd at det skal utvikle seg slik, for det er over 200 km2 med fin utmarksbeite i Todalsfjella. Skal den stå utnytta i framtida?

Publisert: 28. september 2011, 06:00