Laurdag var det silballdag i forsamlingshuset på Nordvik, og nordvikgardingane gikk «mann av huse» for å være med på dette kulinariske måltidet. Og det var laga ei skikkeleg «ballfole» denne gongen, for på fjorårets balldag gikk grytene tomme før alle hadde fått forsynt seg. Men i år vart det nok, og underteikna kan bekrefte at […]
Les heile saka
April blir ein kulturell månad på Surnadal kulturhus i følge den siste kulturfoldaren. Det startar allereie med konsert fredag 1. april. Då kjem spellemannprisvinnar 2011; Unni Boksasp Ensemble. Dagen etter, laurdag 2. er det Kulturskulen som inviterer til kaffekonsert i Foajeen, medan hornmusiken feirar 115 års jubileum helga etter.
Les heile saka
Surnadal kommune arbeider med å gi ut nye bygdebøker for alle grendene. Først ute er området frå Åsbøen til og med Todalen, fortel prosjektkoordinator Siv Snekvik. Den kommunale bygdeboknemnda samarbeider med Todalen historielag i arbeidet med å samle inn opplysningar frå grendene, og har 7 grendekontaktar til å hjelpe seg. Det blir sendt ut spørjeskjema til alle heimar i området og grendekontaktane vil sørgje for innsamling av skjemaene. Det blir eit ope folkemøte om bygdebokprosjektet tysdag 5. april. Her finn du innkallinga til møtet. Det vil det kome meir info etter kvart.
I anledning den nye pensjonsreformen som trådde i kraft 1. januar 2011, ønsker Surnadal Sparebank alle interesserte velkommen til eit ope informasjonsmøte i bankens lokale tirsdag 5. april.
Les heile saka
På den glatte nysnøen i ettermiddag var ein semitrailer uheldig og hamna utfor vegen. Han var komen opp til Rossåbrua da han mista fart og fikk stopp. Dermed måtte han ned igjen, og det gikk ikke bra på glatta. Tralla hamna i grøfta, og dermed kom han verken fram eller att, og måtte tilkalle redningsbil.
Les heile saka
Etter at Halsesamlinga no er lagt inn under historielaget har vedtektene vorte endra. Todalen.no har fått tilsendt dei nye vedtektene frå Todalen historielag, og har lagt dei ut til gjennomsyn. Her kan du laste ned vedtektene for Halsesamlinga som PDF-dokument. Todalen historielag har gjort vedtak om at Halsesamlinga skal flyttast til biblioteket i Todalen oppvekstsenter med det første.
Er du «furkunn» på eit sildballmål, så er Nordvik forsamlingshus staden førstkomande laurdag. Kl 14.00 startar salget av sildball av beste oppskrift, fortel Sverre Kjølstad i Nordvik grendalg. I fjor vart dei utselt på tampen av dagen, men i år har dei sikrar dei med å auke mengda med 50% prosent. Så sjølv med eit innrykk frå Todalen trur han det skal bli nok til alle. Men sjølvsagt gjeld regelen om «først til mølla» denne gongen også….
I kveld var alle 5. klassingane i kommunen samla i Storstua på Surnadal kulturhus med konserten Give me 5. Salen var fullsett, med ekstra sittepassar då pågangen vart retteleg stor. Give me 5 er eit kulturelt satsningsområde på andre året i kommunen, der 5. klassetrinnet samarbeider med ein kjendt artist.
Les heile saka
Onsdag kveld gjesta Tordenskjold Nordvik forsamlingshus med sin kafekonsert. Eit trettitals tilhørarar som hadde funne vegen til forsamlingshuset, fikk full uttelling for kvelden med flott korsong krydra med visesong og triveleg samvær. Repertoaret for Tordenskjol spente fra norske folketonar, via europeiske og amerikanske tonar til allsong i lag med koret. Tordenskjolds dirigent Elin Persson klarte å binde programmet godt saman med sine muntre forteljingar, og varierte med å traktere piano til og bruke Elin Blomstrøm på gitar til songen.
Les heile saka
Da skal noen av terminlistene for fotballsesongen 2011 være klare for publisering. Dette gjelder nå i første omgang G14 og G16 G14 2. div avd 2: HER G16 1. div: HER
Les heile saka
Da ungdomshuset vart oppussa til «Det store jubileumsåret» i 2008, vart det ikkje gjort noko med toaletta i kjellaren. Dels på grunn av økonomi, men også på grunn av at det vart for kort tid til skikkeleg planleggjing. No er arbeidet i gang, og snekkarane Gunnar Nordvik og Lars Kvendset, sammen med Comfort Surnadal starta tysdag 22. mars. Det blir no 3 toalett i kjellaren, der det eine blir godkjent for handikappa, fortel husformann John Moe i ein e-post til Todalen.no.
Les heile saka
Vi har tidlegare hatt innslag om Johan Kvendset som gikk Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer forrige helg. Han vart nr 10 i klasse M75 (75-79 år), og det synes vi er ein flott prestasjon. Vi har mangla bilde frå løpet, men no har vi fått nokre bilde frå Gisle Haugen som var der saman med resten av familien for å servere spesiallaga havresuppe. Og det gjorde susen!
Les heile saka