Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rekordtrafikk i januar

Rekordtrafikk i januar

Jon Olav Ørsal Fredag 3. februar 2012

Trafikken på Todalen.no veks mot nye høgder. I januar sette vi tre nye rekordar, da nettstaden hadde 23.672 besøk på sida. Det er første gongen at antal besøk er over 20.000 på ein månad, så den rekorden vart grundig slegen. I desember var vi tett oppunder, da vi berre mangla 67, men i januar vart det altså. De to største sakene var sjølvsagt NorgesCupen på Kårvatn, som tilsaman samla 2.221 besøk.

Men det kom altså to rekordar til i januar, da vi før første gong kom over 50.000 sidevisninger. Antal sidevisninger enda til slutt opp på 52.359. I tillegg sette vi ny rekord på antal unike besøkande som for første gong kom over 5000 på ein månad. Teljaren her enda opp på 5.118, og kom frå 38 land. Tala for norge er sjølvsagt størst men også USA, Sverige, Tyskland og Polen er aktive.

For heile 2011 enda vi opp på 215.866 besøkande frå tilsaman 73 land, 481.176 sidevisninger og tilsaman 28.625 forskjellige besøkande. Alt dette er tal som ligg langt over forventningane vi har hatt og fortel vel egentleg at vi har «treft folk heime».

Vi vil derfor takke alle som har vært innom Todalen.no. Ein spesiell takk til alle bidragsytarane som har vore til stor hjelp med tips om nyheitssaker og ikkje minst alle som har sendt oss bidrag til «Dagens bilete» som har vore skifta kvar dag sidan oppstarten. Fortsett med det!

Publisert: 3. februar 2012, 23:12