Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturkveld i Skulstuå

Kulturkveld i Skulstuå

Alvin Harstad (tekst) Sundag 5. februar 2012

Torsdag den 2. februar  var det underhaldningskveld i Skulstuå. Skulstuå eller Todalen gamle skule har også vore heimen til Leif Halse og ute i passeleg vinterstemning stod Vangsgutane på sokkelen sin og tok oss i mot. Kulturkvelden blei opna av Ragna Kvendset som var ei av eldsjelene bak Skulstuå som stiftinga skal ta over frå kommunen. Nils Tore Leivdal starta med å fortelje om todalingar som deltok i Silsetrenna frå si eiga bok  «PÅ SILSETRENN», som kom ut like før jul.

Allereie dei første åra i Silsetrenna si historie var todaligane deltakarar i renna på Silset i Batnfjord. Leivdal fortsette med historia om datidas velsituerte kristiansundere som tok i bruk båtar for å komme seg inn i Nordmørsfjordar med fjell og dalar for å utøve skisporten, og slik vart også Silsetfjellet oppdaga. Leivdal var innom KIF si historie bak hoppbakken og bygging av Silsethytta som fremdeles er nytta av mange skiløparar vinteren igjennom. Reisa frå Todalen var ikkje enkel og kunne ta dagar den gong, men allereie første året stod todalingen Ola Bruset på pallen der oppe ved Silsetvatnet. Då forfattaren ramsa opp navna på ein rekkje av tidlegare sportsmenn frå Todalen, nikka det bekreftande frå stolane i Skulstuå. Premiar vart også nemnt, og frå skulesalen kunne det forteljast at damenes premie som var teken heim av Ingebrigt Kvendset (ei sølvskei) har vorte teken godt vare på og har gått vidare til neste generasjon. Leivdal poengterte att det finst mange premiar frå desse renna rundt om i Nordmørsheimar. Siste todaling som deltok på Silsetrenn var Anders Todalshaug i 1947 avrunda Leivdal med.

 Humorist og trekkspellar Odd Arne Halås var neste innslag og starta med å fortelja att hadde ikkje folk teke stadnamnet dit dei flytta hadde han heit  Talgø i staden for Halås, da slekta opphavleg kjem frå Todalen. Halås forsette med å fortelja dei eldre tilhørarane kor heldige dei var når dei skulle finna seg kvinnfolk på dans. Den gongen var det enkelt når alle satt på kvar si side i danselokala og ein såg kven som var ledige til å by opp. No til dags forklarte Halås att det var ei utfordring når hender og føter for til alle kantar og du kunne heller ikkje tru du skulle få avslutte dansen med den same du hadde starta med. Og kven skulle du takka for dansen da? Nei det var enklare før humra Halås. I to bolkar spela Halås ein flott konsert med tema frå Søstrene Bjørklund, Evert Taube, Per Bolstad og Carl Jularbo. Gryta hennar mor vart framført med klårt mål og dei frammøtte stemte med i songen til Halås.

Alf Ramsøy las frå diktinga til Leif Halse, men var også innom jordmorsaka i indre Nordmøre, og sa at først vart jordmora flytta frå Surnadal til Orkanger og så no til Trondheim , da er vel det neste at vordene mødre må føde i ein satellitt einstands. Som den gode forteljar Ramsøy er, satt folket som skulelys i Skulstuå denne tidlege februarkvelden.

I ei pause midt på var det eit lotteri saman kaffi og gode kaker.

Det heiter at  i godt lag går klokka fort, og Leivdal og Halås såg på klokka og refererte til fergeruta, men da kom det raskt frå salen at det gjekk nattferge klokka tre på natta så det var berre å halda ut meinte fornøgde todalingar.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra kulturkvelden i Skulstuå.               Alle foto: Anders Talgø

Først publisert: 5. februar 2012, 23:58 - Sist oppdatert: 6. februar 2012, 08:36