Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Felles skulemøte

Felles skulemøte

Elinor Bolme Tysdag 7. februar 2012

I går kveld var det arrangert informasjonsmøte i anledning rådmannen sitt forslag om at alle elevane ved Stangvik Skule skal flyttast inn til Todalen skuleåret 2012/13 under opppussinga av Stangvik skule. Dei ulike innstansane som blir involverte i dette har mulegheit til å komme med innspel før saka skal opp i Hovudutval for oppvekst den 14.3.12.

Mellom 50 og 60 personar møtte fram for å høyra einingsleiar Bjørn Erik Høivik legga fram rådmannen si innstilling. Han orienterte og litt rundt elevtal og generell gjennomføring av inndelingane frå 2-3 delt skule til 5 delt.  Han var sjølv positiv til denne midlertidige samanslåinga, då med hovudargument at Todalen Skule allerede er ein velfungerande skule. Han argumenterte også for viktigheita av å hensynta ungeflokken som ei heilheit.  Her vart det så i etterkant høve til å stilla relevante spørsmål som hadde tilknytning til saka. Ikkje så mange tok til ordet, men spørsmålet om kvifor ikkje flytte 7. klassingane direkte til Øye var vel det mest aktuelle.  I tillegg stilte leiar for hovudutvalget Oddny Hoem og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik som observatørar frå kommunen si side.

Etter orienteringa delte dei to skulane seg inn i sine respektive FAU, for å diskutera seg fram til sine høringsforslag. Og det var jamt over positiv tankegang for at dette skal kunne gjennomførast på ein så bra måte som muleg, for både elevar og tilsette. Nokre hindringar vil nok oppstå, men kommunen er i følge einingsleiaren innstilt på å ruste opp Todalen skule såpass at den klarar å huse 81 elevar frå hausten av.

Publisert: 7. februar 2012, 06:00