Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På konsert: Åge ga alt!

På konsert: Åge ga alt!

Jon Olav Ørsal Sundag 5. februar 2012

Surnadal kulturhus var fylt til siste plass og vel så det, da Åge Aleksandersen og Gunnar Pedersen entra scena laurdag kveld. Dei to fekk straks kontakt med publikum, og vi fikk bli med på 2 timer med ei fantastisk konsertoppleving. Radarparet Åge og Gunnar har spela saman sia 1980 og dette hadde dei kalla ein «akkustisk turne».  Den var sett sammen av melodiar og tekster som dei lika spesielt god, og som har betydd mykje for dei. Det var Åge på sitt beste, krydret med gitarspill av høg klasse frå Gunnar.

Og publikum var med heile kvelden, med «koring» og refreng. Åges flørting med publikum i kombinasjon med prima song og musikk gjorde denne kvelden til ei heilt spesiell oppleving for eit takknemleg publikum. Åge viste at «de gamle er eldst» nok ein gong, og det er jo imponerande å tenkje på at han har heldt seg på topp i over førti år, og at det blant publikum var alle årgangar gjennom tre generasjonar.

Da konserten var over takka kulturhussjefen for ein flott konsert, og nytta høvet til å overrekkje Hyldbakks diktsamling til Åge Aleksandersen, samtidig som han minte på at det kanskje var på tide med ein opptreden i samband med Vårsøghelga. Åge kvitterte med «Levva livet»  som ekstranummer, og det gjorde han på strømpelesten til full applaus frå eit begeistra publikum.

Først publisert: 5. februar 2012, 12:53 - Sist oppdatert: 6. februar 2012, 14:07