Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Månadens bilete: Frostrøyk

Månadens bilete: Frostrøyk

Ole Petter Talgø Fredag 17. desember 2010

Vinnaren av denne månadens pris blei Frostrøyk, tatt av Kjetil Sogge. Biletet var tydeleg populært, og stakk av med den største prosentdelen av stemmene var har hatt i ei avstemning. Heile 74 av dei 102 avgitte stemmene meinte Frostrøyk var det beste biletet denne månaden.

Les heile saka

Ny bibliotekar

Ny bibliotekar

Elinor Bolme Torsdag 16. desember 2010

I kveld er siste gongen med ope bibliotek i 2010. No har det seg slik at det er Ole Petter Talgø som er vorte tilsett som ny bibliotekar, i allefall fram til sommaren. Det er berre her i Todalen at det enn er ein liten filial, men også denne står no i fare for å bli stengt kan Ole Petter fortelje.

Les heile saka

Juleavslutning på Oppvekstsentret

Juleavslutning på Oppvekstsentret

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. desember 2010

Måndag 20. desember kl 18.00 inviterer Todalen oppvekstsenter til juleavslutning. Programet for kvelden ser slik ut: Underhaldning v/ungane, allsong, servering, gång rundt juletreet, … og kanskje kjem nissen…?  Sjå plakaten her.

Alle er velkomene!


Herretrim onsdag avlyst

Ole Petter Talgø Tysdag 14. desember 2010

Herretrimen på onsdag er avlyst på grunn av juletre og pynting til jul i gymsalen. Den vil starte opp igjen etter jul.


Det blir dametrim i kveld!

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. desember 2010

På bakgrunn av gårdagens avlysing av herretrimmen er det reist tvil om dametrimmen også er avlyst. May Elisabet Holten bekrfter at dametrimmen i kveld vert gjennomført som planlagt, og etterpå er det sosial samling med frukt etc. som avslutning på sesongen.


Triveleg julekonsert i kyrkja

Triveleg julekonsert i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2010

Det var ingen som kunne unngå å kome i julestemning, da Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor song jula inn, saman med orkester. Med smått og stort var det eit 70-tal som hadde teke seg fri frå juleførebuinga for å få med seg denne konserten, og dei trong ikkje angre på det. Med nokre snøfjoner i lufta utafor vinduet vart det retteleg julestemning og dyktig musikarar og korsongarar sørga sørga for å forsterke den følelsen.

Les heile saka

Gode resultater i Flatåscupen

Gode resultater i Flatåscupen

Knut Haugen, IL Søya. Sundag 12. desember 2010

Lørdag 11 og søndag 12. desember deltok Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to G14-lag og ett G16-lag i Flatås Julecup i Kotenghallen på Rosten (Trondheim). Dette er en stor cup som spilles over fire helger i november og desember. Deltakerlagene var stort sett fra Trondheim og omegn, og vi var eneste klubb fra Møre og Romsdal

Les heile saka

Stem på månadens bilete for november

Stem på månadens bilete for november

Ole Petter Talgø Sundag 12. desember 2010

Vinteren har kommet for lengst til Todalen, noko bileta vi den siste månaden har fått inn tydar på. No er det klart for å avgjera kva for bilete som blir månadens bilete for november, og det nest siste kandidat i superfinalen om årets bilete.

Les heile saka

Julebordshelsing frå Trondheim

Julebordshelsing frå Trondheim

Jon Olav Ørsal Sundag 12. desember 2010

Vi er midt inne i ein travel julebordsesong, og frå Trondheim har vi fått e-post og helsing frå utflytta todalingar som har vore samla for å smake på julematen og ha det triveleg saman. Elisabeth Aas har sendt oss nokre bilde, og ho fortel at dei samlast i hennar atelier først, før ferda går vidare til restauranten der julemiddagen ventar. Dette er ein årleg tradisjon, og det blir sjølvsagt mykje mimring og fliring om barndomen og oppveksten i Todalen ein slik kveld.

Les heile saka

Gammelskulen som samlingslokale?

Gammelskulen som samlingslokale?

Ole Petter Talgø Laurdag 11. desember 2010

Laurdag ettermiddag hadde prosjektgruppa som arbeider for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter» åpen dag i gammelskulen, og det var innom eit tjuetalls personar for å diskutere og høyre kva huset eventuelt kan brukast til i framtida.

Les heile saka

“Søt juletid” i Todalen kyrkje

“Søt juletid” i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 10. desember 2010

Søndag 12. desember blir det gjenhør med det populære syngespelet “I denne søte juletid” i Todalen kyrkje kl 15 og Åsskard kyrkje kl 19.30, fortel Bernt Bøe til Todalen.no. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor, solistane og orkesteret elskar denne måten å dele Juleevangeliet med andre på. Folkelege melodiar og tidlause tekster smeltar fint saman – også tilsett enkle teatereffekter. Komponist er trønderen Arne Dagsvik.

Les heile saka

Julebutikken på låven…

Julebutikken på låven…

Jon Olav Ørsal Fredag 10. desember 2010

Kårvatn Fjellutstyr er «butikken på låven», og no om dagen opplever dei ein eventyrleg julehandel. Spesielt er det stor interesse for skiutstyr av same type som skialpinistane brukar. Det selges skipakkar, med komplett utstyr for telemark eller randone, så det blir nok både mange og lange pakkar under juletreet i år, seier Gudmund Kårvatn som er innehavar av Kårvatn Fjellutstyr saman med Kristian Mossing. I butikken på «nylåven» har dei ellers stort utvalg både i utstyr og klær for både store og små. Vi har moterett utstyr både for vanleg uteliv, og for den meir ekstreme sportsetusiasten

Les heile saka