Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rundtomkring

Rundtomkring

Elinor Bolme Sundag 19. februar 2012

Det er roleg ute i provinsane for tida, ikkje minst med ei tid utan mobildekning. Todalen.no tok difor ein liten svipptur i bygda på føremiddagen i går for å sjå kva folk held på med. Å det var fint lite… Gråvêret og eit og anna skirennet på fjernsynet gjorde kanskje sitt til at det var lite folk å sjå etter vegen. Høyrde fleire motorsager undervegs, men såg ingen som kom til dei veksande lunnane som ligg attmed vegen.

Under er eit lite knippe biler av kva som dukka opp på turen som foregikk til fots. Derfor er kanskje ikkje heile bygda representativ for resultatet. Alle foto ElinorB

Først publisert: 19. februar 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 18. februar 2012, 22:23