Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til Bindal med todalskultur

Til Bindal med todalskultur

Jon Olav Ørsal Måndag 20. februar 2012

I helga entra ein gjeng todalingar scena i forsamlingshuset på Terråk i Bindal for å vis fram litt todalskultur. Det er nok Talgøs investering i Bindalsbruket og kontaktane som er knytt gjennom dette samarbeidet som opna muligheita for samarbeid på kulturfronten. Todalingane viste både pols med todalstradisjon, song og musikk og sterke todalsuttrykk gjennom framføringa av ”Ordskiftet” som Leif Halse har skrive.

Og todalskulturen fall i god smak hos bindalingane. Dei hadde samla 250 tilhøyrarar i forsamlingshuset ”Toppen” på Terråk, og det vart sagt at det var mange år sidan det hadde vore samla så mykje folk til fest på Terråk. Og enda fleire ønskja ta del i festa, men det var ikkje plass til fleire. Så når påmeldingslista var fullteikna så slo dei strek. Det var Terråk idrettslag og Terråk jeger og fisk som arrangerte festa i samarbeid, og dei hadde sørgja for eit gedigent kaldtbord til alle som deltok.

Men det var ikkje berre todalingar på scena. Dei stilte også med lokale krefter. Og som festledaren sa, så hadde dei samla dei beste kreftene både frå Todalen og frå Bindal til denne underhaldningskvelden. Ordførar Bjørnli ønska velkomen til Bindalsfest før todalingane vart sleppt til med ”Sola e komma”. Vidare gikk det slag i slag med den lokale songgruppa Kviin før todalsgjengen runda av første akt med ”Grautmarsjen”.

Etter ein lang pause med innhogg i det gedigne kaldtbordet var turen komen til Terje Talgø for å informere om ”rikets tilstad” ved Bindalsbruket. Han fortalte om ”hestekuren” som Bindalsbruket er i gang med, og som alt no etter 9 månader ser ut til å gi gode resultat. Det har vore ein fin utvikling ved bruket, og han rosa både tilsette, kommunen og andre for innsats og samarbeidsvilje. Han letta og litt på sløret og fortalte litt om planane framover.

Vidare framførte brørne Øystein og Rune Moe kontorvisa før Borghild Talgø og Narve slapp til med framføring av ”Ordskiftet”. Her har nok forfattaren Leif Halse samla nokre av dei saftigaste todalsutrykka i eit dikt. Men sjølv om dei kanskje ikkje forstod alle uttrykka som såg det ikkje ut til at nordlendingane vart skremte av den grunn, og dei hausta stor applaus for framføringa.

I fortsettinga var det musikalske innslag med Åbygda swing og framføring av Granbostadvisa, før Borghild og Narve Talgø runda av kulturkvelden med oppvisning av Nordmørspols i todalstradisjon. Dei dansa etter polsen ”Rarin” etter Hallvard Ørsal, og fekk velfortent applaus for det.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå «Bindalsfesten 2012».                Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. februar 2012, 00:15