Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Beredskapsinformasjon frå kommunen

Beredskapsinformasjon frå kommunen

Elinor Bolme Onsdag 22. februar 2012

Etter fleire forespørslar på kva som skjer vidare sidan Todalen fortsatt er utan telefondekning, ønsker Surnadal kommune å formidle informasjon og ringelister til alle dei berørte i Todalen. Surnadal kommune har fått opplyst frå Telenor at mobilnettet i Todalen vil vere oppe igjen i løpet av dagen og fasttelefonnettet innan kl. 16. i morgon 23. februar.

Då det tidlegare og har vore lova at nettet skal vere oppe å gå i løpet av kort tid, utan at så har skjedd, har Surnadal kommune i samarbeid med representantar frå Todalen komme fram til følgjande midlertidige løysing:

Dersom nokon har behov for å ringje ut frå Todalen har Surnadal kommune inngått avtale med personar som har IP-telefon/satellitt -telefon om at desse kan lånast.

Desse kan kontaktast ved behov:

Ragnar Halle, er å finne i butikken (L.Hals) i opningstida. Elles heime.

Ragna Kvendset, Haugtun, heime.

May og Tor Holten, heime

Torill Talgø, heime

Hallvard P. Kvendset, Utigard, heime

Sjå vedlagte kart over kor dei ulike bur:telefonberedskap

Desse kan og videreformidle kontakt med heimesjukepleie, vakt-telefon, samt nødnummer m.v. Det ser ikkje ut til at nødnummera på mobil fungerer per no. Dei kan også formidle informasjon utanfrå bygda og inn.

Kommunen oppfordrar dei som får denne informasjonen om å vidareformidle til dei som ikkje har tilgang på aktuelle heimesider. Ordninga gjeld fram til Telenor sitt nett er på plass igjen. Ordførar Mons Otnes uttrykte i ettermiddag til todalen.no forundring over at Telenor ikkje hadde klart å rette feilen etter så mange dagar.

Vedrørande brann er det å ta kontakt med utrykningsleiarane Ivar Bolme eller Håvard Halset DIREKTE UANSETT TID OG ANLEDNING. Dei har no fått kvar sin VHF-radio som dei kan kommunisera med befalsvakta i Surnadal om noko skulle skje. Dei kan med hjelp av desse radioane løysa ut dei andre varslarane som har tilhald i Todalen. Håvard er heime resten av veka, medan Ivar er på Ansnesaga frå 7-15.15.

Publisert: 22. februar 2012, 18:21