Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snøleik og karneval på skulen

Snøleik og karneval på skulen

Britt Mossing Laurdag 18. februar 2012

Sender over nokre bilete frå siste veka på skulen.
Elevane er vant til skiftande ver. Etter fleire besøk på Bordholmen og skeiseisen, var det sist måndag såpass mykje snø at den første snømannen kom opp. Det vart starta opp prosjekt på både snøhole og iglo, men vi kan vel seie at desse prosjekta inntil vidare er lagt på is.
Fredag var det karnevalsdag på SFO. Her var det mange nye ukjente ???  å sjå. Både riddarar, prinsesser og andre vart godt påpassa av politi, og maten forsvann fort. Etterpå var det leik i gymsalen, og katta kom visst ut av sekken til slutt.
Vi håpar at alle får ein fin vinterferie.

Her ser de bilder frå aktivitetane våre. Alle foto: Britt Mossing

Publisert: 18. februar 2012, 20:12