I dag er det sesongpremiere i arboretet. Kl 12 opnar porten for publikum, og sjølvsagt kafeteriaen der Toril Redalen kan servere ein godbilt til kaffeen. Det har vore travle dagar den siste tida, og staben har jobba på spreng for å få alt kalrt til opninga, fortel Dordi Kjersti Mogstad. Todalen.no tek turen til arboretet for laurdag for å ta pulsen på opninga!
Les heile saka
På Nordvik har det lenge vært arrangert sykkeltrim kvar søndag kveld, og no startar Todalen Idrettslag opp sykkeltrim også i Todalen. Det er trimgruppa i Todalen IL som er ansvarlege for dette, og håpar mange møter opp for å vera med. Den vil foregå annakvar veke framover, med ein pause i fellesferien.
Les heile saka
Som mange kanskje fekk med seg i dag, så var ein del ungar i Start 4H i aksjon med å selgja skrapelodd for klubben på ettermiddagen. For å få opp møtivasjonen og oppmøtet littegrann, vart det også freista med grilling i Gapahuken etterpå både for store og små. Etter ein stor times innsats på salgsbiten, fauk dei fleste ned i Gunnøya for sosialt samvær. Her vart det både grilling, steinkasting og bading, for den som ikkje var så nøye på temperaturen..
Les heile saka
Litt agurknytt fra Kvanne, der eit tidlegare inngått veddemål skulle avgjerast i høgtidleg atmosfære på Øye stadion i dag. Guttene Knut Haugen og Tor Helge Aas hadde visstnok tidligere vorer litt sleivkjefta mot nokre felles venniner og utfordra dei i 2x500m stafett. Resultatet kan du sjå på IL Søya sine nettsider. Gå til http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1155517&CatId=36910 for ei […]
Les heile saka
Laurdag tok vi ein avstikkar til Halsa. På Halsanaustan arrangerte dei «Grendadag», der dei hadde samla lokale undehaldningskrefter på ferjekaia. I tillegg hadde lokale bedrifter, lag og organisasjonar laga utstillingar for å vise kva dei held på med. Et veldig flott arrangement, der folk kunne treffast og slå av ein prat, både med kvarandre og med dei som bemanna utstillingane. Slik fekk dei vist til lokalbefolkninga og andre kva dei driv på med.
Les heile saka
På trimpostane er det no plassert ut heilårsbøker. Det vil seie at bøkene blir skifta ut på seinhausten og ligg eit heilt år i kassen på trimpostane. Trimgruppa melder at det no er bart til fleire av postane, og det er berre å sette igang med trimaktivtetar til fots. Det ligg bøker på Løfta, Gammelsetra, Haukarsteinen, Dalasetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen og Ansnessetra. Søndag er det utsikter til fint turvær, så det er bare å spenne på fejllsko og sette i gang.
Les heile saka
Måndag kveld er det tid for å drive litt våronn på kyrkjegarden. Da er det dugnad for å rette opp skeive gravstøtter, rydde og rake etter vinteren og pynte opp litt til konfirmasjon og 17. maifeiring. Det er sokneråd og kyrkjeverje som er arrangør, og dei oppfordrar folk til å ta med rive, trillebår, spett og spad eller anna høveleg reiskap. Soknerådet sørgjer sjølvsagt for at det blir traktering undervegs i dugnaden. Dugnaden starter kl 18.00.
Forleden var det tysk besøk på Todalen Brygge for å sjå på forholda i Todalen. Det var Destinasjon Kristiansund og Nordmøre som hadde invitert det tyske selskapet Angel Reisen til Nordmøre for å lokke tyske turistar til Nordmøre. Angel Reisens representatar ønska å sjå nærare på Todalen og muligheitene for både sjøfiske og laksefiske her, fortel Synnøve Helland ved todalen brygge på Todalsøra. Todalen Brygge har 3 flotte leiligheter i bryggeanlegget på Todalsøra.
Les heile saka
Torsdag kveld var det dugnad og klargjering til ny sesong i Svinviks arboret. Det er tradisjon at hagelaga i Surnadal og på Kvanne stiller opp på dugnad ein kveld før arboretet opnar for seongen. I tillegg var det også andre vener av arboretet som deltok i dugnaden, tilsaman eit trettitals habile personar med høveleg redskap. Einingsleiar Dordi Kjersti Mogstad og hagesjef Ola Bruset ved Svinviks Arboret skrytte av innsatsen og tykte dei hadde gjort ein kjempeinnsats i arboretet denne kveldsstunda.
Les heile saka
Den siste tida har vi fått fleire henvendingar om at det er observert gaupe og jerv nær busetninga. I forrige veke var det gaupe på besøk ved Heggøyan, der Margit og Petter Nordvik har sin fritidsbustad. petter fikk berre eit lite glimt av ho, men han er sikker på at det var gaupe han såg. Tidlegare i vår såg Lars Sæther gaupe ved Todalshaugen, der han bor. Han fotograferte gaupa, men det var for mørkt slik at bildet vart mislykka.
Les heile saka
Våren og sommaren byrja å visa seg for alvor i april, en månad med mykje fint vêr og påske. Kandidatane vi har plukka ut for denne månadens bilete ber preg av dette med både snø, sol og vårtegn.
Les heile saka
Tysdag var to store «støvsugarar» frå Eidsøra Betong i bygda for å børste og støvsuge fylkesvegane. Det har vore mykje sand på vegskuldrene etter strøinga i vinter, og det har laga unødig mykje støv etter at det var bare vegar. No har dei altså børsta og støvsuga, og kjørt vekk løsgrusen som har skapt dette støvet. Det er fylkesvegen inn til bygda og rundt bygda som har fått denne vårpussen. Da står det berre att å fylle alle hola i asfalten, før nokon øydelegg bilen sin eller kjører i kant på sykkel!