Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ha kontantane klare

Ha kontantane klare

Elinor Bolme Tysdag 20. mars 2012

Det oppfordrar diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal når årets konfirmantar og andre frivillige kjem med børsene under fasteaksjonen. – Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer. Du kan redde liv!  Tirsdag 27. mars er den årlege, landsomfattande  fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.

Sokneråda sine KN-kontaktar i Rindal, Stangvik og Surnadal møttest nyleg til planlegging av årets lokale aksjon. Sentralt i år står kampen for økonomisk rettferd i Guatemala og Tanzania. Men midlane brukast også der det oppstår katastrofer og bruk for hjelp straks. Akkurat no er såleis Vest-Afrika truga av hungersnaud. I fjor samla konfirmantar og andre frivillige i Rindal og Surnadal inn rundt 100.000 kroner under fasteaksjonen.

Fredag 23. mars møtest konfirmantar, foreldre og sokneråd til inspirasjonskveld på Surnadal vidaregåande skule. Her vil to unge, kenyanske Winnie Atenio og norske Ingrid Holmedahl, gi levande informasjon frå område som ser resultat av innsatsen våre konfirmantar og andre gjer via Kirkens Nødhjelp.

Publisert: 20. mars 2012, 22:43