Denne helga har Surnadal Jeger og Fisk samla ein gjeng ungdomsskuleelevar til villmarkscamp på Kårvatn, eller nærare bestemt på Sommarfjøsvollen. Dei starta fredag kveld, da Rune Gjeldnes heldt foredrag og fortale om dei mange ekspedisjonane sine til fleire eksotiske mål og til ekstrem kulde både på turane til Nordpolen og Sydpolen. Han la spesiell vekt på kor viktig det var med positive tankar for å lykkast på slike turar. Laurdag bar det ut i naturen, med base på Sommarfjøsvollen der det var planlagt overnatting i sjølvbygde gapahukar, og der dei måtte samle ved og lage bål. Dei laga også grue, der dei skulle lage elgsteik til middag når det leid mot kvelden.
Les heile saka
I kaffekroken på ICA Todalen legg det ein «dings» som vi ikkje kunne identifisere. Er det nokon som veit kva dette er, og kva det er tenkt bruka til? Dersom du dreg kjensel på dette, så gi oss eit vink om kva du trur det er, og send svar til vår e-post på red@todalen.no.
Neste søndag, 30. oktober, er det basar på Stangvik aldersheim i pårørandeforeningas regi. Førehandssalget av lodd har allereie starta, og laurdag formiddag og litt utover dagen var Ingri Buset og Steinar Gjeldnes på plass på ICA Todalen med loddboka. Pengane dei får inn på basaren skal gå til trivselstiltak for bebuarane på aldersheimen. Vi oppfordrar alle til å støtte tiltaket og kjøpe lodd.
I går kveld opna biblioteket dørene for ein aktivitetskveld på skule biblioteket. Her var både høgtlesning, quiz og litt orientering om korleis ein kan leite fram ulike bøker både på nett og i katalogar. Britt Mossing orienterte nokre av dei frammøtte om kvar dei kunne finne forskjellige bøker. Her viste ho korleis ein kan søke […]
Les heile saka
Elisabeth Aas er «hyttetodaling» med eige kunstgalleri i Trondheim. Torsdag var det nyopning med nytt namn og nytt konsept. Det som tidlegare var «Elisabeths Atelier» heiter no «AAS – Det Glade Galleri», men adressa er framleis den same – Dronningens gt 48 i Trondheim. Torsdag var det stor ståhei og mykje folk, med servering av tapas og god stemning i galleriet, der ho driv salg av både eigen kunst og kunst frå gjesteutstillarar. no har ho utvida utvalet og stiller også ut keramikk og glaskunst i tillegg til biletkunst.
Les heile saka
Onsdag opna bygg- og boligmessa «Bygg Reis Deg 2011» på Norges Varemesse på Lillestrøm. Messa er både fagmesse og er opa for publikum, og hit kjem nok dei fleste som driv med byggevarer og innredning for å vise seg fram og for å sjå kva bransjen har å by på. Talgø satsar stort på denne messa, og vil vise fram Talgøkonsernet i full bredde på ein stand på rundt 300 m2; – ein av dei største utstillingane på heile messa. Arrangøren ventar at heile 50.000 besøkande vil kome til messa, derav rundt 40.000 fagfolk.
Les heile saka
Måndag denne veka kom Svein Sæter på besøk hit på aldersheimen uti Stangvika. Han hadde med seg bilete og mykje kunnskap om Olaus Jeldness (Gjeldnes før han flytta). Han Olaus kom frå Trøen her i Stangvik, der voks han opp i lag med 7 sysken. Heile syskenflokken emigrerte til Amerika og Canada. Olaus kom til Canada som gruvearbeidar i 1880 åra og vart til slutt sjef for gruva. Han grunnla byen Red Mountain der og vart ein svært viktig mann.
Les heile saka
Torsdag kveld arrangerer biblioteket og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld for alle interesserte i Todalen og omegn. Her blir det quiz, høgtlesning, enkel servering og ellers høve til å gjere seg kjent med biblioteket på skulen.
Les heile saka
Førstlkommende onsdag startar herretrimmen oppatt. Dei ønker alle over konfirmaasjonsalder og oppover til fartsfylt mosjon ved Todalen skule frå 20 til 21.30. Primus motorar er Knut Jarle Bergli og Dan Roger Pedersen. Så her er det berre å blese støvet av gymskoa og ankelstøtta og driste seg i veg. På eige ansvar.
Les heile saka
For tiden er det stor byggeaktivitet i Sollifeltet på Nordvik. Ingar Waag holder på med et påbygg for å få campingvogna i hus, og Andreas Bele Sæterbø holder på med ny enebolig. Sistnevnte bygger utenom det kommunale boligfeltet, og benytter tomta der Johanna og Harry Skarvøy bodde, nemlig Nordvikjelen. Dette har sin årsak i at Andreas er samboer med Marit Gjeldnes, dotter til Randi og Per Gjeldnes.
Les heile saka
Elgfall er ikkje kvardagskost på Halla, men søndag vart det like fullt ein elgkalv som måtte bøte med livet. Søndag var det fint jaktvær, og jaginga i Seterlia (innafor Romåa) ga ein elgkalv som resultat. Det skjedde i området ved Litjlia, fortel Lars Stensby som er formann i Halle og Husby Jaktlag. Tidlegare i jakta har laget felt fleire hjortar, men elg er ikkje kvardagskost i dei bratte liene på Halla. Det er feire år sidan dei siste felte elg, fortel Lars.
Les heile saka
Båtsesongen går mot slutten, og Finn Ranes og Olav Kvendset har bruka søndagen til å ta på land familiens to båtar. Nå står det berre att litt pussing og reingjering, så er det klart for vinteropplag. Så er det berre å vente, og gle seg til ein ny sesong og ny sommar på sjøen. For eigen del håpar eg at sommaren blir betre enn årets, og det er nok båtfolket enige i også! Dei fleste har no fått båtane på land, og vi kan vel vente at det etter kvart blir isproblem i småbåthamna. Kuldegradene er ikkje langt unna, sjølv om vermeldinga ikkje tyder på at det blir den første veka.