Laurdag er det tysk pubkveld på Pakkhuset. Terje Nordvik er vert for tyske gjestar, og inviterer bygdefolket til å ta del i selskapet. Puben opnar kl 21.00
![Snart er det Vårsøghelg](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/henning_sommerro_250x166.jpg)
Snart er det Vårsøghelg
Som vanleg er Vårsøghelga knytta til pinsa, og i år startar programmet torsdag 9. juni og held det gåande til søndag 12. juni. Dei kan by på eit rikt og variert program gjennom desse dagane. Høgdepunktet er sjølvsagt Kleivakvelden som er fredag 10. juni kl 19.00. På programmet denne kvelden står Odd Nordstoga og sjølvsagt får vi høyra Henning Sommero og John Pål Inderberg. Men dei byr også på mykje anna – som utdeling av Kleivaprisen.
Les heile saka![Vellukka mini turnering](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/Femmerfotballcup9.jpg)
Vellukka mini turnering
I går kveld arrangerte IL Søya ei miniturnering i anledning UEFA’s breddefotballdag. Idrettslaget inviterte dei nerliggande klubbane Todalen IL og Kvass/Ulvungen IL for å markerer dette. Veret var nok ikkje det aller beste, men det forhindra ikkje at ballen rulla på fleire banar samtidig.
Les heile saka![Kven blir områdeforvaltar i Trollheimen?](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/CIMG0415.jpg)
Kven blir områdeforvaltar i Trollheimen?
I den nyoppretta stillinga som områdeforvalter for Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde har det meldt seg 15 søkere. Stillinga skal ha kontorsted i Rindal og av kjente søkere finner vi rindalingen Frøydis Bolme Hamnes, Per Åke Jakobsson, Todalen, Hege Sæther Moen, Øvre Surnadal og Bjarne Lund, Jerpstad – i dag jordbrukssjef i Rindal, skriv Trollheimsporten.no, der du kan sjå alle søkarane.
![Namn på toppane](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/Halsetfjellet-0121.jpg)
Namn på toppane
For to veker sia spurte vi om du visste namn på toppane du ser på biletet? No har vi laga ein montasje der namnet er kome på. Den kan du laste ned som PDF-fil ved å klikke her! Klarte du alle?
![Storseier](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/G10-kamp.jpg)
Storseier
Søya/Todalen G10 spela i kveld sin andre seriekamp i kveld. Dei møtte då Bøfjord/Bæverfjord på Banksletta til det som utvikla seg til eit målkalas. Gutane på Søya/Todalen vann til slutt heile 28-0.
Les heile saka![Tur over Legdan](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/Legdan-016.jpg)
Tur over Legdan
Snøkanten kryp oppover, og snart er det klart til å dra til fjells på sko i stanen for ski. Jon Bruset har måndag teke turen opp Knuken, over Legdan og ned igjen gjennom Kvennsetdalen. Som venta trefte han nok på litt snø innafor Knuken, men ikkje meir enn at det var farbart mellom berrflekkane over Legdan og ned til Kvennsetsetrene. Resten av turen gikk ned til Rossåbrua på barmark.
Les heile saka![Kjell med Hole-in-one](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/SurnadalGolfpark_1501.jpg)
Kjell med Hole-in-one
Kjell Øyen fikk fulltreff og «Hole in one» på Surnadal Golfpark søndag 22. mai, og presterte hole-in-one. Det er bare fire spillere som har klart dette siden banen ble åpnet i 2006. Det var på hull 2 at Kjell Øyen slo ut med sitt 8-er jern, og ballen havnet altså i direkte i hullet fra 126 meters hold. Vi gratulerer med den fantastiske prestasjonen, som er alle golfspilleres drøm.
Les heile saka50 år siden Halsetraset
I år er det 50 år siden Halsetraset i 1961. I den forbindelse etterlyser Reidar Østvik bilete frå raset. Om nokon har bilete frå hendinga, ta kontakt.
![Bra besøkt hagedag i arboretet](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/HagedagEvaCathrineOstnes_5479.jpg)
Bra besøkt hagedag i arboretet
I helga har det vore stor aktivitet i Svinviks arboret. Både laurdag og søndag har det i samarbeid med Møre og Romsdal hagelag vore både omvisning, plantesalg og foredrag. Svinviks arboret er kjent for sin samling av fleire hundre variantar av rododendron, og sjølv om det er ekstra sein vår i år, så er rododendron nå på veg mot full blomstring.
Les heile saka![Stavgang frå Nymoen](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/DSC_0133.jpg)
Stavgang frå Nymoen
Vi har fått nokre bilde frå Stavgangsgruppa som har vore ute på ny tur. Denne gongen starta dei frå Nymoen i Surnadal, og hadde Liv heggset som kjentmann på turen opp til Høgberget. Vidar Sogge var fotograf på turen.
Les heile saka![Meir om Dropla….](http://todalen.no/wp-content/uploads/2011/05/ram_dropla.jpg)
Meir om Dropla….
Vi har fått e-post med bilde frå Ragnhild Ansnes Moe. Ho skriv: «For ei tid tilbake var det ein omtale på todalen.no om ei ku i Øyafjøset som heitte Dropla. Sender hermed bilete av Dropla, mor og meg teke da det var kuutstilling nedpå Øyagjerdet først på 60-talet. Som du ser syg eg på totten enda så eg kan vel vera ein 6-7 år!
Les heile saka