Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Marsværet – temperatur mot normalt

Marsværet – temperatur mot normalt

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. april 2012

Det har vore mykje snakk om varmerekordar i mars. I veka som gikk vart det sett  ny norsk varmerekord for mars med +23,1 grader på målestasjonen i Landvik i Grimstad. Den høgste marstemperaturen på Småhjellen kom allerede i 1990 med + 16,4, og den kaldaste kom 1. mars 2001 med – 20,5 ( einaste målinga under -20 i mars på over 20 år) I motsetning til årets marsmånad, var det i 2006 heile 14 dager med – 10 eller lågare, skriv Jon Bruset i ein e-post til Todalen.no

 I april er varmerekorden på Småhjellan frå år 2000 og lyder på + 23,7, medan kulderekorden er frå april 1992 med – 8,0. I fjor var det 1. påskedag 24. april maksimumstemperatur på +22,4.

 Når det gjeld været for resten av påska så meldes det om nedbør i form av regn, snø og sludd til og med 2. påskedag.  Men så snart påska er over er det betre vêr i vente, med både høgare temperaturar og gløtt av sol. Her finn du resten av påskevêret og langtidsvarselet på Yr.no.

Publisert: 5. april 2012, 13:13