Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Omveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt

Omveg til Skihytta, om du skal på Kjerringdilt

Elinor Bolme Måndag 2. april 2012

Arnt Ivar Brønnbo melder i dag at den lova oppkjøyrde skutertrasseen til Kjerringdilten heng i ein tynn tråd. Idrettslaget sin skuter er ute av drift grunna ein oljelekasje, og i tillegg er føret av slik karakter at det er bortimot umuleg å ferdast til fjells no. Det har dei siste døgna snøa mykje både på fjellet (ca 70 cm) og nede i bygda, noko som gjer det vanskeleg med tanke på å komme seg opp om veret fortsett som no.

Men Arnt Ivar lover å melde frå til redaksjonen i todalen.no i løpet av skjærtorsdag for eit endeleg resultat, slik at vi kan orientere dei som har tenkt seg opp på Kjerringdilten. Den einaste mulegheita sidan det er stengt for all ferdsel opp Falla, er å kjøyre opp frå Øyalia og om Snikkardalshalsen for å komme seg opp til Skihytta. Det er nemleg ikkje farbart for scooter ved Vintervaet heller. Alle bekkane er åpne, så vi tek ingen sjansar seier han. Han har difor fått Dan Roger Pedersen til å ta denne kjøyringa om Snikkardalshalsen, om ver og føre tillet det, då han har tilgang på eigen scooter.

Publisert: 2. april 2012, 19:00