Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Raset i Falla – utbetringsarbeidet har starta

Raset i Falla – utbetringsarbeidet har starta

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. april 2012

Arbeidet med å utbetring av vegen over rasstaden i Falla har starta. I første omgang har Per E. Gjeldnes starta med tilkjøring av stein for å lage nytt fundament til vegen forbi rasstaden. Eit oppkomme gjer at det enno er mykje vatn i området, og sjølve vegarbeidet kjem nok ikkje i gang før over påske. Gjeldnes fortel at ein skal prøve å lage ei steinfylling i sjølve raspunktet, med dersom det ikkje går an så blir det eit omfattande arbeid med steinfylling heilt frå bakkekanten og opp til rasstaden.

Dalavegen blir uansett stengt til over påske, og omkjøring etter gammelvegen blir berre open for dei fastbuande ovafor Falla. Dette fører til at Kårvatn Fjellutstyr må være utan kundebesøk til over påske, men handelen via postordre går som normalt. Den stengte vegen gjer at Posten snur i Trudvangkrysset, så dei fastbuande og Kårvatn Fjellutstyr må hente og sende post på Matkroken L. Hals, der det er Post i butikk.

Publisert: 4. april 2012, 13:02