Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Middag med ordføraren på besøk

Middag med ordføraren på besøk

Ole Petter Talgø Onsdag 7. september 2011

Eldremiddagen har starta oppat etter sommarpausen, og i dag var det sildball som stod på menyen. Det var rundt 30 personar som var møtt fram til middag, blant dei ordførar Mons Otnes og eldrerådet i Surnadal. Ordføraren skulle i utgangspunktet vere med på middag i vår, men vart forhindra frå å koma.

Les heile saka

Premiere for jubileumsskrift

Premiere for jubileumsskrift

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. september 2011

Søndag 11. september kl 20 er det premiere for jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som i år fyller 150 år. Dette er eit samarbeidprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og det er Bernt Bøe som har ført det i pennen. I tilleg har eit utvalg frå Todalen historielag vore med og samla bilder og informasjon til jubileumsskriftet. Søndag kveld vil altså redaksjonkomiteen saman med forfattaren presentere det ferdig resultatet for dei som er interessert, fortel Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag.

Les heile saka

Asfaltlegging pågår

Asfaltlegging pågår

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. september 2011

Vi trudde mesta at det var asfaltering av Ansnesvegen som var på gang da Veidekke passerte utover forbi Todalsøra med ei kollonne på 6-7 bilar med utstyr for asfaltlegging i morgontimane. Men det var nok vel optimistisk å tru det, så ved nærare ettersyn så stoppa bilkollonna på Ansnessaga. Og der var det asfaltering av […]

Les heile saka

Kort til besvær…

Kort til besvær…

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. september 2011

Dei siste dagane har det vore problem med å betale for fylling av drivstoff på sjølve kortpumpa på HalsOil. Terje Nordvik fortel at det må skiftast noko utstyr på kortlesaren på pumpa, og at det vil ta nokre dagar før det er i orden igjen. Derfor må du fylle på vanleg måte og betala drivstoffet inne i butikken på ICA Todalen. Og der kan du gjerne betala med kort. Terje håpar at dette ikkje fører til nokon store ulemper for nokon at ein må fylle i opningstida. Butikken er open frå 09-18 (16) på kvardagar og har kioskope fra 16-18 på søndagar.


Stem på månadens bilete for august

Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Tysdag 6. september 2011

No er det tid for å kåra månadens bilete for august. Sjølv om temperaturane dei siste dagane har vore høge, har vi no teke farvel med dei tradisjonelle sommarmånadane. Bileta ber preg av at hausten er på veg og det er mørkare på kvelden.

Les heile saka

Ikkje berre lastebilverkstad

Ikkje berre lastebilverkstad

Jon Olav Ørsal Måndag 5. september 2011

Surnadal Lastebilveksted (SLV) driv ikkje berre med reparasjon av lastebilar. I dag er også traktorar og landbruksmaskiner ein viktig del av kundeporteføljen for SLV. Verksmeister Halvor Drøpping fortel at SLV gjennom avtale med Nordlund Maskin har inngått eit samarbeid om vedlikehald og reparasjon av traktorar og landbruksmaskiner. Dette kan skje både på verkstaden på Vasseng eller heime hos kunden, med SLV og Nordlunds fullt utrusta servicebilar som er ”rullande verkstader”.

Les heile saka

Dametrim

Dametrim

Elinor Bolme Måndag 5. september 2011

Førstkommande torsdag, den 8. september startar dametrimen oppatt. Den første gongen etter ferien tek dei økta utandørs, med ein tur opp til Todalshaugsetra torsdag . Avgang frå Todalshaugen kl 18.30.
Frå og med 15. sept er det trening i gymsalen på Todalen Skule torsdagar frå 20.00-21.15 melder instruktør Turid Hals Sæther.

Les heile saka

Klubbmester kåra

Klubbmester kåra

Elinor Bolme Laurdag 3. september 2011

Klubbmesterskapet i terrengsykling arrangert av Trollheimen Sykkelkubb vart vunne med knappast mogleg margin av Lars Petter Solli. Andreplassen tok Rune Kvande, av dei 7 som konkurrerte i herreklassen. Berre ei stilte i dameklassen.

Les heile saka

Valgkampen fortsett….

Valgkampen fortsett….

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. september 2011

Denne laurdagen var det Senterpartiet som dreiv valgkamp utafor ICA Todalen. Det var dei tre listekandidatane frå Todalen, forsterka med ordførarkandidat Bernt Venås og kandidatane Margrete Svinvik og Janne Husby Haugen. I kjølvatnet av tunnelmøtet sist onsdag var det nok naturleg at tunnelspørsmålet var eit heitt tema. Venås sa at Senterpartiet går for å jobbe […]

Les heile saka

Storhaugtur for Stavganggruppa

Storhaugtur for Stavganggruppa

Vidar Sogge Fredag 2. september 2011

Torsdag 1. september la 25 frå Stavganggruppa turen til Storhaugen i Todalen, og Per Bruset var kjentmann på turen. Turen opp gjekk delvis gjennom tett granskog, men etter kvart opna landskapet seg, og meir og meir av Todalen kom til syne mellom trestammane. Vel oppe på Storhaugen kunne alle nyte den strålande utsikta over dalen med fjord og fjell, og som vanleg hadde Martinus bestilt finver og ei strålande sol. Før vi drog ned, fortalde han om grender og fjell som vi kunne sjå her frå Storhaugen. Takk til alle for ein kjempefin dag!

Les heile saka

Trollheimsmarsjen avlyst til neste år!

Trollheimsmarsjen avlyst til neste år!

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2011

Store nedbørsmengder hindra I.L. Ulvungen og Todalen I.L. i å gjennomføre årets Trollheimsmarsj søndag 28. august. Arrangøren melder at det ikkje har vore muleg å arrangere på ein alternativ dato i år. Dermed er årets Trollheimsmarsj avlyst, og neste sjanse blir siste helg i august i 2012. Nils Ove Bruset i Todalen I.L. er lei seg for at marsjen måtte avlysast, men han seier til Todalen.no at det var uforsvarleg å arrangere under slike vêrfor. Søndag formiddag kom det nerare 35 mm nedbør i Todalen i løpe av nokre timar.


Klubbmesterskap i terrengsykling

Klubbmesterskap i terrengsykling

Elinor Bolme Torsdag 1. september 2011

Laurdag klokka 14.30 er det klubbmesterskap i Trollheimen Sykkelklubb melder Halvor Drøpping. Løpet startar frå Nordvik og går til Kårvatn og er eit terrengritt på 30 kilometer der terrengsykkel er påkrevd for dei som deltek i konkuranseklassen. Men ellers er det høve for alle til å møte opp og ta det som ein trimtur. Påmelding frå kl 14.00.

Les heile saka