I kveld startar oppskyting til jegerprøve på Skytebanen i Ranheimsvingen, fortel ledar i Søya og Todalen skytterlag John Moe. Skytinga går føre seg i tidsrommet 18.00 – 20.00. Dette er første kvelden av tilsaman 9 kveldar med skyteprøver. neste kveld er måndag 4. juli til same tid.
Les heile sakaDugnad på Bordholmen tysdag kveld
Tysdag kveld blir det dugnad på Bordholmen frå kl 17.30 og utover. Det er fotballgruppa og banekomiteen som er arrangør, og dei treng 10 sterke menn med slegge og spett, og de som føler seg kvalifisert stiller med slik utstyr, skriv Bjørn Hauglann til Todalen.no. 4 menn skal spikre ny utgard rundt Bordholmen, og det vil stå kappsag, spikarpistol og kompressor klar til bruk.
Les heile sakaFredrik fikk namn…
Søndag var det høgmesse med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Etter gudstenesta var det dåpshandling, der lille Fredrik fikk sitt namn. Her er familien Myrvang/Sogge avbilda sammen med sokneprest Bernt Venås under dåpshanlinga. Vi i Todalen.no gratulerer!
T-Komponent vart Miljøfyrtårn
Fredag vart T-Komponent den første bedrifta i Rindal som fylte krava til å bli Miljøfyrtårn i Rindal. Under ein offisiell seremoni på kantina hos T-komponent kunne ordførar John Ola Aspli overrekkje det synlege beviset til dagleg ledar Elmer Talgø. Alle tilsette var samla i kantina for å feire at dei var i mål med prosessen, og […]
Les heile sakaSt. hans på setra…
Knott og regnyr i lufta er vel det som blir husket fra årets St. Hans-feiring på Nordvik. I år ble en årelang tradisjon brutt ved at feiringen ble flyttet fra Røe-fjæra til Nordviksetra. Dette hadde sin årsak i at det var en storstilt ryddeaksjon rundt seterstølen på oktober i fjor, og det var derfor rikelig med bålvirke. Pga. nedbøren var det heller ingen fare med å tenne alle bålene samtidig, og det brant godt fra 8-9 bål når det ble spedd på rikelig med diesel.
Les heile sakaStavgang med intimkonsert
47 personar var samla på Vang skisenter da stavganggruppa hadde siste samlinga i vårsesongen. Etter marsjen var det servering av graut (mølsgraut og smørgraut) og bakels, medan Guri Saltnes og Lars Vang spela alt frå vakre songar til feiande pols.
Les heile sakaTodalsvenn og friluftsmann
Da er omsider sommerens første blogg klar. Gjermund Moe fungerer fortsatt som mellommann for todalen.no, men sida det har vore våronn og eksamenstid har det teke litt på tida. Men no er det i allefall her, bidraget frå Ivar Hyldbakk.
Les heile sakaHustra St. Hans-feiring
Vergudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side under arrangementet av St Hans feiringa no i kveld. Litt nedbør og sur vind gjorde nok sitt til at ikkje så mange tok turen nedover til fellesarrangementet som Idrettslaget stod for. Dei held varme grillar, medan dei oppmøtte orda med grillmaten sin sjølv. I kiosken var Svein og Karen med nystekte bakels med smørgraut.
Les heile sakaDen glade laks….
Laksen var nok ikkje glad, men fiskaren var desto meir oppstemt da vi trefte Tore Kåre Eriksen på Todalshytta onsdag kveld. Eriksen vart den første til å sprengje 10-kilosgransa i år, og ikkje nok med det; han tok ein på 8 kilo tysdag også. Han fortel at storlaksen vart teken på sluk mellom Oddøyneset og Oddøyøran onsdag. Og han hadde nok litt flaks når han tok laksen til lands, for da han skulle ta ut kroken gikk den tvert av! Vi reknar med at det heretter blir fast prosedyre å kontrollere krokane når det settes på ny sluk!
Les heile sakaSt. Hans på Bordholmen
Todalen I.L. inviterer bygdafolket til St. Hans-feiring på Bordholmen torsdag 23. juni kl 18.00. Det blir ordna med varme på grillen og kiosken er open for salg av kaffe, is og brus. Ta med eigen grillmat! Fritt leide for borna med fotball, leik og bruk av trøbilane. Alle er velkomne!
Cecilie og Rune måtte snu
Den 7. juni satte Rune Gjeldnes og Cecilie Skog ut på ekspedisjon fra Cape Discovery i Canada. Målet var Nordpolen og drømmen om å være den første sommerekspedisjonen til Nordpolen uten etterforsyninger.
Les heile sakaHiv og hoi!
Ungane ved Todalen oppvekstsenter har også denne våren forebudd seg utruleg godt då dei inviterte til avslutningsfest på skulen i går kveld. Barnehagen og småtrinnet opna med sjørøvarviser og skodespel, der det var både innlevelse, sjarm og prestasjonar. Dei eldste, altså 5.-7. klasse hadde òg øvd i massevis og trylla fram den eine songen etter den andre. Beundringsverdig at så mange, og ikkje minst unge vågar å opptre i slik grad som dei gjorde. Mange av desse vil vi nok sjå att ved seinare høve.
Les heile saka