Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Slutt på laksefisket kl 24!

Slutt på laksefisket kl 24!

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. august 2012

Har du tenkt deg til å prøve laksen i Toåa i sommar? Da begynnar det å haste, for årets fiskesesong sluttar ved midnatt onsdag kveld. Da er det slutt for både laks- og aurefiske, etter ein sesong som kan omtalast som midt på treet. Todalen elveeigarlag har ikkje heilt oversikten enno, så vi får kome attende med litt statistikk når fangstrapportane er kome inn.

Det er viktig at alle som har kjøpt fiskarkort i sommar leverer fangstrapportane, slik at elveeigarlaget får skikkeleg statistikkmateriale før dei rapporterer årets fangst til Miljøavdelinga i fylket og til Diretoratet for Naturforvaltning.

Publisert: 15. august 2012, 17:44