Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tøffare enn dei fleste!

Tøffare enn dei fleste!

Elinor Bolme Tysdag 14. august 2012

Ikkje alle ungar kan ta det som ei selvfølge å «hussere» i lag med dei andre på skulen eller i fritida. Tøffingen Kristian Hauglann Talgø er eit av desse unntaka. Likevel er han den aller barskaste av dei alle i si aldersgruppe som er i Todalen. Kristian skal til hausten byrje i 5. klasse, og er født med lidelsen Osteogensin im perfekta. Det vil seie at han er beinskjør. Han fekk sitt alle første beinbrudd som 1 åring etter eit fall i traktorspor, men fekk ikkje fastslege diagnosen før han var 3 år gamal.

Kristian og mor Carina er ikkje enige om kor mange beinbrudd han har hatt desse åra. Kristian held seg hard på 16, medan Carina meiner 14. -Vi har mista tellinga, seier ho. Og nevner i fleng; fingrar, hender, føt, kragebein…men heldigvis ikkje i rygg eller lår enda. Så langt har han faktisk ikkje hatt brudd i forbindelse med trampolinehopping heller, men både i barnehagen, på skulen, plena og stuegolvet. Det siste bruddet har så langt vore det verste med store smerter. Han viser fram ei arrete arm og fortel om at dei måtte operere  inn to skinner til støtte ved handleddet. Til alt overmål bevega skinnene seg, inn og ut av huda på ulike plassar, så det var ikkje rart at smertene var store.

Dette gjer at hobbyane blir litt annleis enn andre 10-åringar sine. Han viser stolt fram si samling av glasfigurar, ei interesse han deler med bestefar Finn kan mor Carina fortelje. Den fine glasdragen vart laga til medan han stod og såg på under ferieturen til Tyrkia no i sommar. Og bestefar fekk naturlegvis ein fin figur han også.

For godt og vel to år sidan fekk han ein ball i ansiktet på skulen. Dette resulterte i at fleire tenner vart slått lause, 2 døydde og to måtte rotfyllast. Dei to som vart rotfylt gjekk det betennelse i, og dette førte til at han fekk ein cyste i underkjeven. På forsommaren i fjor skulle legane fjerne denne cysten, men mor Carina tykte ikkje formen til Kristian var heilt på topp for ein såpass stor operasjon då han hadde hangla over ei stund. Og slik gjekk det til at han fekk påvist diabetes 1. Blodsukkernivået var så høgt at målarane ved legesenteret ikkje klarte å registrere kor høgt det egentleg var.  Han er no heilt  avhengig av insulin for å fungere. Likevel skal han så godt det lar seg gjere, leve på heilt vanleg kosthald, men må rekne seg fram til kor store dosar han skal ta i forhold til kva han har ete og skal ete.

I kvardagen går det rimeleg greit fortel Carina, men for eksempel under ferieringa i Tyrkia vart dette litt vansklegare da dei ikkje kjennte karbohydratnivået i dei ulike matrettane der nede. Carina bakar eige brød som inneheld mest muleg langsomme karbohydratar slik at blodsukkeret blir mest muleg stabilt. Reine vitenskapen for den som er så heldig å sleppe å sette seg inn i det. I skulesamanheng har ei av lærarinnene fått opplæring i korleis dette fungerer, og ikkje minst opplæring i korleis Kristian fungerer. Det har så langt vore betryggande, fortel Carina.

Ellers driv Kristian litt med kaninar i lag med bror Frikk. Han er aktiv i 4H, svømming, legg puzzlespel til den store gullmedalje og håpar han kjem seg inn på visuelle kunstfag ved Kulturskulen. Pluss at han til hausten skal byrje med klatring. Med storebror Brage innlosjert på hybel frå hausten ser foreldra fram til at Kristian no skal styre fritida deira i større grad enn kva som har vore råd med til dels mykje fotballkjøring tidlegare. Ikkje rart Kristian er blidspent, men forresten; det er han stort sett alltid!!!

Den aller største hobbyen er nok likevel fisking. Over er bildet frå fiskekvelden på Nordvik, der familien Hauglann Talgø fekk det meste på kroken. Til og med blekksprut. Kristian og Frikk er så og seie kvar dag å  sjå ute på Todalsfjorden med båten sin. «Typpbera». Den knallraude plastikkbåten som er lett synleg for Carina når ho er på arbeid, slik at ho har ein viss kontroll på dei. Men drømmen er både ein litt større båt og  større motor, men her er ikkje det finansielle i orden enda. Det står att litt oppdrag for både mor, far, tanter og bestefar, og ellers andre som treng litt bistand, for å kome opp i ønska kapital. Slitsamt naturleg nok, men karane er innforstått med at ikkje riktig alt kjem av seg sjølv.

Todalen.no takkar tøffaste Kristian for ein triveleg prat og ønsker han lykke til som 5. klassing om få dagar, lell om ferien var alt for kort 🙂

Publisert: 14. august 2012, 07:00