Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
A- og B-sluttspel

A- og B-sluttspel

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2011

Både G14 og G16 er no ferdige med sine innleiande kampar påN orway Cup. Dette har resultert i A-sluttspel for G16 og B-sluttspel for G14. G16 har vunne 2 og tapa 1, der dei viste bortimot årsbeste i siste kamp mot Hald/Skogsvåg/Telavåg med sigeren 3-0. G14 har tapa 2 og vunne 1, og berga dermed så vidt B-sluttspelet.

Les heile saka

Kjentfolk på «Sommeråpent» i kveld

Kjentfolk på «Sommeråpent» i kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2011

Tysdag kveld treffer vi kjentfolk i programmet «Sommeråpent» på NRK1. Da er nemleg Torstein Snekvik gjest i programmet, som er direktesendt frå Operataket i Oslo. Programmet startar kl 21.30 og som sagt på NRK1.


Sykkeltrim i onsdag kveld

Sykkeltrim i onsdag kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2011

T.I.L. trimgruppa minner om sykkeltrimmen onsdag kveld. Oppmøte på Bordholmen og start mellom kl 18 og 20. Kiosksalg med kaffe, bakels og forfriskningar.


Turtips – Aursjøvegen

Turtips – Aursjøvegen

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2011

Måndag gikk turen frå Todalen med Aursjøvegen som reisemål, via Sunndalsøra og oppover Litjdalen. Etter å ha betalt 70 kr i bompengar i Litjdalen bar det oppover dalen til vi etter ei stund forsvann i skodda. Vi kom ut av skoddeheimen like nedafor Holbudammen, og derfrå var det sol og fint sommarvêr med 17-18 varmegrader. Ved Holbudammen var det vedlikehaldsarbeid i gang på damanlegget og derfrå og ned til kraftstasjonen på Sjølseng går vatnet i tunell.

Les heile saka

Kvit varde

Kvit varde

Elinor Bolme Måndag 1. august 2011

Også i år er kunstnarprosjektet til Toril Redalen; Kvit varde med i programet til Norsk Vandrefestival. Vardebygginga som starta i fjor, er i år oppsett til laurdag 13. august med oppsatrt klokka 10 frå Innerdalsmerket.

Les heile saka

Saknar sykkelen sin

Saknar sykkelen sin

Jon Olav Ørsal Sundag 31. juli 2011

Ingrid Bergå saknar sykkelen sin etter pubkvelden for 2 veker sia. Det er ein plommefarga damesykkel som stod i garasjen, og som kom bort i løpet av natt til søndag. mest sannsynleg trur ho det er ein pubgjest på veg heim som er syndaren, men tykkjer det er utruleg frekt å gå inn i garasjen til folk for å ta seg ein sykkel.

Les heile saka

Bare Egil Band til Surnadal

Bare Egil Band til Surnadal

Elinor Bolme Sundag 31. juli 2011

Fredag 26. august kjem einmannsbandet Bare Egil Band til Surnadal kulturhus for ein av 12 spesialkonserter. I den anledning etterlyses det etter ein person som kunne tenkt seg å opptre med Egil på scena. Konserten skal filmast, fordi NRK skal laga ein dokumentar rundt den planlagte turneen.

Les heile saka

Ola Inge Drøpping vann Nordmarkstråkket

Ola Inge Drøpping vann Nordmarkstråkket

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2011

Det var ikkje uventa at Drøpping gikk til topps i Nordmarkstråkket, men det var spenning heilt til mål da Kjetil Bolme, Are Siljan Børset, Arne Reiten og Benny Øverli utgjorde tetgruppa i sykkelrittet. Det var 98 syklistar som stilte til start i konkurranseklassen, og i tillegg var det mange trimmarar som tok turen over marka. Det var fint sykkelvêr, med overskya og høveleg temperatur. Det var det nok mange som sette pris på i bratta opp frå Dalsegg og opp på Nordmarka.

Les heile saka

Klare for Norway Cup

Klare for Norway Cup

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2011

Søndag startar Norway Cup, verdas største fotballturnering, og i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to lag; eit G14 og eit G16. Ellers stiller Kvass/Ulvungen med eige J14 lag, og eit i samarbeid med Surnadal i klassen J16. Grundige forberedelsar er gjort, både spelemessig og i støtteaparatet i rundt. Lagledelsen har ordna i stand eit infohefte for alle involverte, slik at spelarar, trenarar og føresatte skal få ei best mogleg oppleving av arrangementet.

Les heile saka

Ekstra oppskytarkveld

Ekstra oppskytarkveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2011

Søya og Todalen skyttarlag avlyste oppskytinga sist måndag på grunn av den grusame handlinga i Oslo og på Utøya siste veke. Neste veke vert det imidlertid to skytekveldar, måndag (1.8)  og onsdag (3.8), med same tid 18-20 begge kveldane. Ledar i skyttarlaget, John Moe, fortel at dei no er i full gang med oppskytinga og at det blir skyting kvar måndag fram til 29. august som er siste kveld.


Røyrlegging

Røyrlegging

Elinor Bolme Torsdag 28. juli 2011

Ved Skukkulbrekkå har det vore gravarbeid dei siste dagane. Der har mannskap vore å forberedt at telefonledningen som i eit pa tiår har vore oppe i dagslyset (les: delvis i trea), no skal treast i røyr. Manskapet todalen.no tala med pressiserte at dei kun hadde med røyrlegginga å gjere, og ikkje treing av kabelen.

Les heile saka

Ferske reker på Pakkhuset…

Ferske reker på Pakkhuset…

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2011

Laurdag (30.7.) blir det ferske reker på Pakkhuset, fortel Synnøve Helland på telefon til Todalen.no. Eller kanskje du heller vil ha speketallerken med Synnøves potetsalat til? Valget er ditt!  Serveringa startar frå  kl 21 og utover. Ta turen til Todalsøra og Pakkhuset til ein triveleg krokveld!