I dag vart den utsette romjulsmarsjen arrangert, og ein god del deltok på rundturen rundt bygda. Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset kunne fortelje om 105 utdelte medaljar, noko han var godt nøgd med etter ei litt turbulent start på jula. Trimgruppa hadde også i år stasjon både i Sandstad- og Brusetkrysset, med servering av gløgg og kakao. Attåt var det høve til å ta lodd til inntekt for trimgruppa og idrettslaget.
Les heile saka
Romjulsmarsjen er utsett frå 3. juledag til i dag, 5. juledag. Det blir start mellom kl 12-15, og det er registrering på Sandstad og Bruset. Det serveres sjølvsagt gløgg og kakao, og alle får fine deltakarmedaljer. Lotteri med fleire gevinstar, lodd kr 10. Alle er velkome til å delta!
En mørk mandagskveld på slutten av oktober, ringte mobilen med spørsmål om vi endelig skulle iverksette juleplanene. Hvert år siden hvem husker når, har vi snakket om at vi bør få oppleve Cristmas day og Boxing day i Liverpool. Cristmas day kan sammenliknes med julaften, mens Boxing day er mer som 16. mai-feiring. Det ordnet seg med hjelp av gode kolleger, og begge to fikk fri fra vakt, og dermed ble turen ble booket.
Les heile saka
Juletrefesta som skulle vera 2. juledag måtte som kjent avlysast på grunn av straumbrotet etter uværet «Dagmar». Todalen sokneråd melder at det blir arrangert ny juletrefest (eller kanskje nyttårsfest) 1. nyttårsdag i Todalen oppvekstsenter kl 14.00. Der blir det gang rundt juletreet og framvising av lysbilete frå 60-og 70-åra, der vi får gjensyn med både folk og fe og trollheimsnatur. Det blir også forteljing frå juletrefestar før i tida og ymse anna. Dette blir avslutninga på jubileumsfeiringa for todalen kyrkje vart 150 år i 2011. Soknerådet ønskjer alle velkome og reklamerer med gratis inngang for alle!
Det var knytta stor spenning til årets julekabaret. Uværet og straumbrotet tidlegare i jula hadde laga mange forviklingar for både underhaldningsgjengen og festarrangørane, og heile generalprøven 2. juledag gikk i vasken. Men seint om kvelden 2. juledag kom straumen att, og det oppsette programmet kunne kjørast. Første framsyninga på ettermiddagen var «ny» generalprøve og hovudframsyninga om kvelden kunne gå som planlagt. For fullsett sal i Todalen undomshus kunne Borghild Talgø og Lars Sæther ønskje publikum velkomne til julekabareten «Todal’n ka no?».
Les heile saka
Første framsyninga av «Todale’n ka no?» er ferdig, og eit femtitals publikummarar lika det dei såg. Framsyninga tok knappe 1 1/2 time, og den ga full valuta for pengane for eit begeistra publikum. Det var godt og variert program og aktørane gjorde ein fin innsats på scena. No er det snart klart for hovudframsyninga som startar kl 20.00. Da er det i tillegg servering av eksotiske matrettar, der dei har både kjøtt og fiskerettar å by på. Eller kanskje du berre vil ha en enkel rett med bakt potet og godt tilbehør?
Les heile saka
I dag er det stor aktivitet i Todalen. Det startar med Romjulsmarsjen som har starttid mellom 12-15. Her er det servering av gløgg og kakao, med lotteri og sjølvsagt fine deltakarmedaljer. Ta på godt med klær og ta runden rundt bygda! Mellom kl 14-16 er det opa utstilling i Skulstuå (Gammelskulen) og kl 15 er det første framsyning av julekabareten «Todal’n ka no?». Til kvelden, eller nærare sagt kl 20.00 startar hovudframsyninga av julekabareten «Todaln’n ka no?» i Ungdomshuset. Da blir det muleg å få kjøpt seg ein god matbit og tilhøyrande drikke. Det er enno nokre billettar att, og resterande billettar selges i Ungdomshuset ved inngangen. Her finn du plakaten for «Todal’n ka no?». SISTE: På grunn av det dårlege været er romjulsmarsjen utsett til 5. juledag. Det blir same tid (start mellom 12-15) og same opplegg.
Stormen «Dagmar» gjorde ein del skade i Todalen. Verst var det på Ansnessaga, der taket på materialtørka hamna på vegen mellom tørka og fabrikken. Lause plankar og deler slo også hol på taket på fabrikken, og forvridde takplater var strødd omkring. Vidare var det nok fleire tak som vart skadd i den sterke vinden, som nok […]
Les heile saka
I 22.30 var straument tilbake til abonnentane i Todalen. Da hadde det vore straumlaust i over et døgn. Det har vore mange trefall over kraftlina frå kvanne og innover til Todalen og montørende frå Svorka Energi har hatt ein kjempejobb med å få lina i orden igjen. Vind, mørker og tildels mykje nedbør har gjort arbeidet både vanskeleg og farleg, men ved 22.30-tida var altså alt klart til å sette på strumen igjen.
Les heile saka
Todalen har sia 1. juledag kl 22 vore utan straum på grunn av stormen «Dagmar», og har derfor problemer med å oppdatering av nettstaden. Elles kan nemnast at det har blåst av eit tak på Ansnessaga, og ein del tre er gått overende. Det er kl 13.30 fortsatt straumbrot, og redusert kapasitet på mobilnettet. Svorka arbeider med eit linjebrot uti Stranda, der ein travere er øydelagt. Vi kjem att med meir når strømmen er komen att.
Tidleg på ettermiddagen i dag var det eit kort straumbrot. Eit tre over kraftlinja i Sissigrenda var skuld i dette, og Svorka måtte ta straumen nokre minutt medan dei felte treet. Som du ser av biletet vi har fått med Kjetil Sogge, så gikk det litt «varmt for seg», men det var røyk utan eld. Det er meldt vind opp i orkan styrke i kyststroka i kveld og i natt, men etter vêrmeldinga på yr.no så vil det meste av stormen «Dagmar» gå forbi utmed kysten. Tidens Krav melder at P1 er ute på grunn av feil på Reinsfjellet. Dette vil bli reparert så snart vêret tillet det.
6. juledag blir det stor pubkveld på Pakkhuset. Da kjem Perikom Light for å dra opp stemninga. Erling Halle ved Pakkhuset Pub reknar med at det blir fullt hus denne kvelden, så det blir «først til mølla» for å kome inn. Denne kvelden er det CC kr 100 for inngang, og dørene opnar kl 20.00. […]
Les heile saka