Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rikholdig sesongavslutning

Rikholdig sesongavslutning

Elinor Bolme Tysdag 30. oktober 2012

Søndag var nesten 50 mann med stort og smått tilhørande G12 Søya/Todalen på sesongavslutning etter ein lang fotballsesong. Turen gjekk til Molde der G12 mannskapet, med trenarar, spelarar og oppmenn hadde booka 5 banar hos Molde Bowling. Etter 2 rundar med lystig spel vart det servert pizza og drikke, før det vart på med maksimum varm bekledning for å halde ut kulda på Aker Stadion for å sjå toppkampen mellom Molde og Rosenborg.

Noko kampreferat frå ein middels kamp kjem ikkje, men nokre bilder frå ein ellers vellykka dag er lagt ved lengre ned. Foto i galleriet: Gunn Karin Vang og Elinor Bolme. Ellers blir det arrangert  fotballbasar i Myrvang førstkommande søndag, med utdeling av diplomar til spelarane for vel endt sesong.

Først publisert: 30. oktober 2012, 07:00 - Sist oppdatert: 29. oktober 2012, 21:50