Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førjulsmarked i Sanitetshuset

Førjulsmarked i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. oktober 2012

Jula nærmer seg med stormskritt, og dei første julemessene er alt annonsert. Det er no vel 7 veker til jul, og det  kjem nok til å bli kamp om kundane og kjøpekrafta i tida fram mot jul. 5 driftige damer arrangerer i år julemarked i Sanitetshuset. Det skjer laurdag 17. november, og dei har litt av kvart å by på når dei setter i gang.

Det er Ingrid, Elinor, Wenche, Solvor og Kristine som har gått saman om å lage julemarked, og dei satsar på å få til ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset, der du kan kjøpe forskjellige ting og tang.  Der blir det og kaffesalg, med noko å bite i.

Dei tilbyr mellom anna Tupperware, lefse, treprodukt, heimelaga karamellar, fotografier, mølsgraut, strikkavarer, hudpleie, vaskepulver og mykje anna.

Publisert: 31. oktober 2012, 08:25