Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nytt studio, avd Låven

Nytt studio, avd Låven

Elinor Bolme Måndag 29. oktober 2012

Hobbyfotograf Kristine Saksen Ulvund har i haust utvida studioet sitt, som vi tidlegare har omtala her på todalen.no. Ho har no inngått ein avtale med Toril Talgø om å kunne benytte seg av andre etasje i låven på Trudvang. Låven er i så å seie orginal forfatning frå sist på 1800-talet. Og egnar seg med det perfekt til fotogtafering i, tykkjer Kristine.  Dette gjer også sitt til at forholda no utover er litt uegna sidan det er litt trekkfullt. Men ikkje for det, Kristine har dei kommande dagar fleire kundar som vil akkurat hit, og ikkje i det ordinære studioet heime i kjellaren. -Dei veit det blir kaldt, men vi gjer det beste ut av det no på tampen, før lampene fraktast til studioet på Urvoll til vårsola kjem attat.

Kristine ønsker å rette en stor takk til Toril og Steinar på Trudvang for både utlån og super tilrettelegging av hobbyen hennar som held på å tek av. -Eg møter oppmaka veg kvar gong eg oppom med kundar. Det står ikkje på, presisiser ho.

Ellers har Kristine vorte kontakta frå fleire hald om å delta på messer før jul. Den eine henvendelsen frå Torunn Nordvik om å være med på julemesse i Nistua på Nordvik 24. og 25. november. Ho kjem der til å tilby julekortfotografering, både for store og små, med i allefall to ulike pakkar. Så her blir det høve til å få fiks ferdige kort tilsendt på ein, to tre, seier ho. Den andre helga før, i Sanitetshuset i regi av fire andre damer som hadde lyst til at eg stilte med bilda mine, og det er stas å bli spurt. Her vil det komme meir info ganske snart lovar ho.

Kristine har også si eiga heimeside for den som ønsker å sjå nokre av oppdraga så langt. sjekk ut www.studiosaksen.com.

Publisert: 29. oktober 2012, 21:00