Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
100 år – skal jubilere heile veka!

100 år – skal jubilere heile veka!

Jon Olav Ørsal Sundag 28. oktober 2012

No er alt klart for ei storstila 100-årsfeiring, fortel Terje Nordvik i L. Hals Eftf.  Måndag 29. oktober er det nemleg 100 år sia gründaren Lars Hals opna butikk på Todalsøra, og det skal feirast skikkeleg – ei heil veke til endes. da blir det feiring med gratis kaffe og blautkake til alle kundane som er innom butikken denne veka. Og laurdag rundar han av feiringa med bakels og moltekrem til kaffen. Gjennom heile veka er det mange gode jubileumstilbod i butikken, og på HalsOil-pumpa er det rabatt både på bensin og vanleg diesel.

Til 100-årsjubileet har Terje fått lage eit 8-siders jubileumshefte, der dei viktigaste milepelane for firmaet er komne med. Det er rikt illustrert, med bilder både frå ny og gammel tid, samtidig som det inneheld mykje historie frå verksemda på Todalsøra og seinare på Kvennset da nybutikken kom på 80-talet. Historieheftet er distribuert til alle hushalningar i Todalen og på Nordvik, men du kan også laste det ned som PDF-dokument her.

Jubileumsheftet har eigne kapittel om tida på Todalsøra, bensinsalget – først med «Standard Oil» og «Fina», og seinare med HalsOil som eige varemerke. Elles er det skrive om slakteriverksemda på bryggja på Todalsøra og dei 14 «støvbretta» som har kome og gått i tur og orden sia den første A-Forden i 1946.

Som sagt skal jubileet markerast med jubileumstilbod. Eit flygeblad med eit variert utval av aktuelle produkt er distribuert saman med jubileumsheftet. Der er også med eit tilbud på drivstoff, der det er kr 1,00 i rabatt pr liter, både på bensin og vanleg diesel denne veka.  Flygebladet med alle tilboda kan du laste ned som PDF-dokument her.

Publisert: 28. oktober 2012, 05:00