Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laurdag kveld: Ope på Pakkhuset

Laurdag kveld: Ope på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juli 2012

I kveld er det open pub på Pakkhuset Kro på Todalsøra.  Det er ope frå kl 21.00, og vertskapet Erling og Synnøve ønskjer alle velkomne! Pakkhuset Kro ligg ved den gamle dampskipskaia, ytterst på Todalsøra.


Klart for hyttebyggjing på Kammen

Klart for hyttebyggjing på Kammen

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juli 2012

Denne veka har det vore full aktivitet og storstila vegbyggjing til Kammen hyttefelt på Hjellnes. Det er Bjørn Halle som har lagt ut eit hyttefelt med 8 sjølveigartomter, som ligg på nedsida av Gammelvegen opp mot Hjellnes. To av dei 8 tomtene er alt solgt, og vegbyggjinga markerer no starten på sjølve utbyggjinga av feltet. Den nye vegstubben på rundt 100 meter går frå Gammelvegen som går utover Kleiva, og ned til hyttefeltet som er ferdig regulert og godkjent, fortel Bjørn Halle som har lagt ut hyttefeltet for salg.

Les heile saka

Hageland blir neste satsing for Talgø

Hageland blir neste satsing for Talgø

Jon Olav Ørsal Fredag 13. juli 2012

Våren 2013 er det klar for å opne dørene til eit nytt hagesenter i Surnadal. Det skjer i tilknyting til Byggmakker og MøreTre på Syltøran, og når vinteren slepper grepet skal alt være på plass. Konsernsjef Terje Talgø fortel at dei lenge har jobba med dette prosjektet, som naturleg høyrer saman med satsinga på Talgø OutLiving®-kolleksjonen. Den nye satsinga vil være med og forsterke produktområdet hage og fritid, som er ein av dei hurtigast veksande varegrupper i Talgøkonsernet.

Les heile saka

Søndag: Ope museum på Åsen

Søndag: Ope museum på Åsen

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juli 2012

Surnadal Museum informerer om at museet på Åsen held ope søndag 15. juli frå kl. 12 – 17. Der vert det høve til å sjå seg om i dei fasta utstillingane, og nyte søndagen i vakre omgjevnader. Dersom veret tillet det dekkjer vi på til sommarleg kaffelag i tunet, skriv maja Frønes i ein e-post til Todalen.no, søm ønskejr alle hjarteleg velkomne til museumsbesøk denne dagen.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juni

Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Torsdag 12. juli 2012

Juli er over oss, og mange har nok starta på ferien. Ta gjerne med kamera ut på tur eller på ferien, og send oss et bilde. Vi vil gjerne ha sommerhelsingar både frå fjell, land, sjø og utland! Det betyr også at vi skal kåre vinnaren av månadens bilete for juni.

Les heile saka

Ikkje daglegdags med hesjing lenger

Ikkje daglegdags med hesjing lenger

Elinor Bolme Onsdag 11. juli 2012

Dei siste dagane har det vore, etter dagens standard i landbruket, drive med gamaldags foredling av gras på Gjeldnes. Både i Oppistua og Nestua har dei hesja. Ein kjempegau jobb, når det er finver, seier Torill Gjeldnes når todalen.no er oppom for å ta nokre bilder. Men dertill ubehageleg med alle smådyra når det er slik passe fuktigt i lufta og når graset var vått når det vart slege, legg ektemannen Per Åke til. Dei valde å hesje i år for å sleppe å kjøyre i det bratte terrenget med forvogn. Når det er såpass vått som det har vore no i den siste tida, er det så utriveleg når utstyret sklir nedover i terrenget. Men om dei gjer det neste år er dei ikkje så sikre på enda, lell om det er ein rimeleg måte å foredle på.

Les heile saka

Toåa – midtsesongevaluering

Toåa – midtsesongevaluering

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2012

Direktoratet krev midtsesongevaluering av fisket i Toåa og ti andre elvar i Møre og Romsdal. Da vil dei ha inn alle fangsrapportar hittil i år for å vurdere om det er naudsynt med tiltak for resten av sesongen, som i Toåa går fram til 15. august. Todalen elveeigarlag ber derfor om dat dei som har teke laks og aure i tidsrommet frå 15. juni til no sender ei melding til ledar Ola Bruset, enten som SMS på telefon 915 95 894 eller som e-post bruset@svorka.net dersom fangstrapport ikkje er levert på ordinært vis.

Les heile saka

Tilbake til røtene i Todalen

Tilbake til røtene i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2012

Tysdag hadde vi langvegsfarande besøk i redaksjonen. Det var Diane Holbeck Erickson og mannen Will som var på Todalsbesøk for å treffe eventuelle slekningar og vener i Todalen. Dei kjem frå Stanwood, som er ein liten stad med ca 6000 innbyggjarar som ligg mellom Seattle og Vancouver på vestkysten av USA. Bestemora Ellen kom frå Ørsaljelen, og vart gift med Jon Haltbakk. I emigrasjonprotokollen er ho ført opp saman med sonen Eilert (1911), da dei reiste «over there» med Den Norske Amerikalinje den 19. juli 1917. Eilert er onkel til Diane og var også i Todalen på besøk på 70-talet.

Les heile saka

Vellykka overnattingstur

Vellykka overnattingstur

Elinor Bolme Måndag 9. juli 2012

Start 4H hadde natt til laurdag overnattingstur på Vorpneset. Eit titals ungar/ungdomar rigga seg til med lavvoar og bålbrenning i strandkanten for ein sosial happening. Utkvilt var dei nok kanskje ikkje då dei kom ramlande heimatt på føremiddagen laurdag, men artigt hadde det vore.

Les heile saka

Kultur og planteliv i Tågdalen

Kultur og planteliv i Tågdalen

Jon Bruset Måndag 9. juli 2012

Søndag 8. juli var det fellestur til Tågdalen naturreservat i Surnadal. Tågdalen ligg på Austre Nordmarka ovanfor Dalsegg på grensa mot Rindal ( ca. 400 moh.). Området var heilt fram til 60-talet i bruk som slåttemark og det meste av området er rikmyr med artsrik flora. Tågdalen naturreservat vart oppretta i 1996 og i 2007 vart det sett i drift ein meteorologisk målestasjon her.

Les heile saka

Eirik Husby: Konsert og plåteutgjeving

Eirik Husby: Konsert og plåteutgjeving

Jon Olav Ørsal Sundag 8. juli 2012

Snow On A Mountain kjem til Todalen for å lansere den nye plata si «Come with me». Det skjer tysdag 24. juli på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Snow On A Mountain er eit orkester som består av brørne Eirik Husby, Lars Olav Husby og Jan Peter Husby frå Todalen. Dei spelar musikk i folk pop-sjangeren og held for tida til i Oslo, og opptrer derfor mest i Oslo- og Drammensregionen.

Les heile saka

Rambjøra- endeleg!

Rambjøra- endeleg!

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2012

I fleire år har målet vore å komme seg på Rambjøra ein tur. Endeleg har dette lykkast, då eg fekk vere med ungfolket på Halset ein snartur i går. Med Anders Halset sine formaningar om å «sjå te å ha dåkkår i væg no, færre de bli tikkje tå torveret oppå der», gjorde reisefølget slik passe gira til å nå toppen. Ingen av oss hadde vore på Rambjøra tidlegare, men dei to innfødte i turfølgjet, Håvard og Randi var nå i det minste kjent oppover mot Vassnebbområdet. Eg og Margaret tok alt dei sa om svingar, lengder og tid for god fisk sidan vi ikkje kunne skryte på oss så gode lokalkunnskaper. No veit vi bedre…

Les heile saka