Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart for hyttebyggjing på Kammen

Klart for hyttebyggjing på Kammen

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juli 2012

Denne veka har det vore full aktivitet og storstila vegbyggjing til Kammen hyttefelt på Hjellnes. Det er Bjørn Halle som har lagt ut eit hyttefelt med 8 sjølveigartomter, som ligg på nedsida av Gammelvegen opp mot Hjellnes. To av dei 8 tomtene er alt solgt, og vegbyggjinga markerer no starten på sjølve utbyggjinga av feltet. Den nye vegstubben på rundt 100 meter går frå Gammelvegen som går utover Kleiva, og ned til hyttefeltet som er ferdig regulert og godkjent, fortel Bjørn Halle som har lagt ut hyttefeltet for salg.

I samband med vegarbeidet blir det og ført fram vatn, strøm og sjølvsagt fiberkabel for breiband. Dette arbeidet blir ferdig til hausten, og byggjearbeidet på dei to første hyttene startar til våren. Det er muleg at grunnarbeidet kanskje kjem igang alt i haust. Frå Kammen hytte felt er det ein fantastisk utsikt, både utover fjorden mot Svinvika og Nordvik, og innover Todalsfjorden og til fjellheimen innafor.

Kvar av dei 8 tomtene  er på rundt 900 m2, og dei ligg sørvendt til i spredd furuskog. I tilknyting til hyttefeltet er det og planlagt ei småbåthamn med naustplassar ved Brennesset, dersom det er interesse for det. Det er ei lun vik mellom Gjengstøa og Nausta, og i første omgang blir det bygd veg ned til området.

Publisert: 14. juli 2012, 13:45