Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag: Ope museum på Åsen

Søndag: Ope museum på Åsen

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. juli 2012

Surnadal Museum informerer om at museet på Åsen held ope søndag 15. juli frå kl. 12 – 17.  Der vert det høve til å sjå seg om i dei fasta utstillingane, og nyte søndagen i vakre omgjevnader. Dersom veret tillet det dekkjer vi på til sommarleg kaffelag i tunet, skriv maja Frønes i ein e-post til Todalen.no, søm ønskejr alle hjarteleg velkomne til museumsbesøk denne dagen.

Åsen bygdemuseum ligg fint til på den gamle skyssgarden Åsen oppe på Eidet i Surnadal. Bygdemuseet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med fleire bygningar frå ulike tidsepokar, og utstillingar og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Den freda røykjestua frå Torvika, Gulla-rommet, Musters-samlinga og 1950-talsutstillinga er noko av det du kan få sjå ved eit besøk på Åsen.  Elles gjer museet oppmerksam på at tidlegare annonsert arrangement med Stangvik Historielag og Todalen Historielag denne dagen vert flytta til hausten.

Publisert: 12. juli 2012, 23:23