2011 har vore eit travel år for Skogkompaniet fortel dagleg ledar Kristen Bruset. Han fortel at dei tidleg såg at det kom til å bli bra med oppdrag. – I ettetid ser vi at det var bra, for det har ikkje vore allverdens tilgang på nye oppdrag utover året. Mykje av oppdraga har også vore knytt opp mot knappe tidsfristar, så det har til tider vore travel. Dette har imidlertid ført til at 2011 ser ut til å bli eit år med rekordomsetning, med ei omsetning som nok vil overstige rekordåret 2009 da vi enda opp på 17,6 mill i omsetning.
Les heile sakaBasar på Nordvik
Høsten er basartid. I.L. Søya avviklet sin basar sist søndag, og førstkommende lørdag er det Stangvik grendalag sin tur med basar i Bondehuset. Nordvik grendalag følger hakk i hel, og har basar i Nordvik forsamlingshus søndag 20. november kl. 1900. Da blir det vanlig basarbord, åresalg, pilkasting og kakeutlodning. Det blir også salg av kaffe og kaker, bakels og grøt, brus og dessert. Vi ønsker alle velkomne på basar!
Basar i Bondehuset i Stangvik
På ettermiddagen laurdag (kl 16) opnar Stangvik Grendalag dørene til den årlege basaren. Som vanleg er det gratis mat, åresal og stort basarbord. Det blir også konkurranse i ballkast, luftgeværskyting med meir. Flotte premiar i konkurransane lover leiar i Grendelaget Carsten Andersen.
Temadag med premiere på aldersheimen
Føre helga fekk vi besøk av Martinus Ranheim her på aldersheimen. Han hadde med seg ferske eksemplar av Stangvik Historielag sitt årsskrift for 2011 som vi fekk. Takk for gåva! Martinus las om Stangvik rundt 1890 ut ifrå eit bilete og eit måleri. Teksta er skrive av Terje Ramsøy-Halle og vi fekk mykje historie rundt gardar, heimar og hus! Mange av oss var kjente med noko av stoffet, men fekk høre mykje nytt! Vi var lydhøre på Blåstua denne føremiddagen.
Les heile sakaBrit vann gavekort i sykkeltrimmen
Til trekking av årets vinnar av sykkeltrimmen, har idrettslaga i Todalen, Søya, Bøfjorden, Øvre og Nedre Surnadal levert sine lister til Folkehelsekoordinatoren i Surnadal kommune. Vinnaren i år er Brit Hansen, som var registrert på ei liste frå Søya idrettslag. Ho fekk eit gåvekort frå Helse og Familieeininga i kommunen, til bruk på Intersport, pålydande kr.5.000, skriv Surnadal kommune på si heimeside.
Les heile sakaOla satsar på mjølkeproduksjon
Det er nok mange som lurar på kva som skal skje i Viastua, der det er stor byggjeverksemd med utgraving og støyping av store grunnmurar etter kvart. Det er Ola som satsar på ei framtid som mjølkeprodusent, og no utvider han fjøset med ca 500 m2. Det skal bli plass til nærare 50 mjølekyr, og mjølkerobot til rundt 1,5 mill. kroner er allereie på plass og teken i bruk. Ola er ikkje redd for å satse, for han seier at det er heilt sikkert at vi treng mat i framtida også. Innan 2050 må verda doble matproduksjonen dersom det skal bli nok til alle. Noko av dette skal produserast på Kvennset!
Les heile sakaFotballbasar i Myrvang
Søndag ettermiddag var det stor basarstemning i Myrvang. Det var idrettslaget med fotbalgruppa i IL Søya i spissen som sto for arrangementet, der dei i løpet av kvelden også delte ut deltakarpremiar til alle aktive fotballspelarar frå G/J8, heilt opp til G/J12. Herunder kjem også todalsungane som spelar i klassane G10, J10, G12 og J12.
Les heile sakaTone med konsert og plateslepp
Tone Søyset Døving torsdag kveld den nye singel-CD’n «Julenatt – Julesanger fra Nordmøre». Det skjer i Surnadal kulturhus kl 19:00, der det blir ein liten konsert med gratis inngang. Da blir det også høve til å kjøpe plata, og få den signert – ei høveleg julegåve til den som har alt! Julenatt inneheld 2 juleklasikarar; «Mitt hjerte alltid vanker» og «Juleverset», samt den nye songen «Måneskinn».
Les heile sakaUvanleg men tradisjonsrik kost
For ein måndads tid sia hadde todalen.no er lita sak om om Johan K. som flådde og reinska sauhau, som seinare skulle bli ein delikatesse til middagsbordet. Han ga da sterke signal om at det skulle kome ein ivitasjon til å småke denne delikatessen. Invitasjonen kom i helga, og søndag ettermiddag var det klart for middag med sauhau som meny. Etter at sauhaua hadde koka vel og lenge var det klart for servering, saman med potet, gulrot og kålrabistappe og sjølvsagt tilhørande sauefeitt. Og det var godt!
Les heile saka«Hunder i arbeid» – i kveld med opptak fra Rodal/Engdal
I TV-serien «Hunder i arbeid» på TV-Norge er det i kveld kl 19.30 ettersøksjakt som er tema. Opptak til denne serien er gjort i Rodal og Engdal, der Storli Jaktlag driver jakt etter hjort og elg, fortel Ragnar Halle som er jaktsjef i Storli jaktlag. Kanskje blir det todalingar å sjå på skjermen også?
Stem på Klubben i mitt hjerte
Klubben i mitt hjerte 2011 arrangeres av Norges Idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet, og her har du anledning til å være med å stemme frem din klubb, og det er muligheter for å vinne sportsutstyr for store verdier. «Stemmelokalet» åpent på Dagbladet.no fra kl.00.01 lørdag 12.november, og her kan du stemme helt til kl.12.00 fredag 25.november. Her kan du enkelt gi din stemme til Todalen I.L.
Les heile sakaTemadag om beredskap
Laurdag 19. november arrangerer Indre Nordmøre Forsvarsforening temadag om beredskap i Sanitetshuset. Det å være i beredskap handlar om å være forberedt, og ledar i INF Olav Jostein Holten fortel at årets temamøte er lagt til Todalen denne gongen. Til foredragshaldar har dei fått Anne-Lise Johnsen frå Eide til å kome til Todalen for å orientere om beredskap.
Les heile saka