Ola Hovdenak let ikkje sjansen ga frå seg under laurdagens Randonee-NM i Strengen. Før start var han skeptisk til om jule-influensaen var ute av kroppen, men med førsteplass og sluttid på 1.18.12 kan det ikkje være mange influensavirus igjen i kroppen. I dameklassen vart det Malene Haukøy som vart Noregsmeister på tida 1.12..23, men beste tid hadde Emilie Forsberg frå Sverige. I klassen menn junior var det Eirik Haukøy som toppa, på tida 1.14.38 og til i klassen jenter 15-16 år gikk sigeren til søstera Andrine Haukøy. Arrangøren Todalen Idrettslag hadde omsider vêrgudane på si side, og arrangementet i Strengen vart eit flott arrangement både for arrangør og publikum som hadde møtt opp.
Randonee-NM i Strengen vart eit vellykka arrangement, og absolutt eit godt alternativ som arrangørstad når NM først måtte flyttast frå Kårvatn på grunn av snømangelen der. Arrangementet vart ein del amputert på grunn av dette, og søndagens lagkonkurransar vart avlyst. Men det var fine forhold i Strengen, og Ola Hovdenak fortalte at det vart betre forhold jo nærare toppen ein kom.
Laurdagens konkurranse var både NM individuelt og Lifesystems Cup. I tillegg til noregseliten var det også nokre svenske deltakarar i klasse menn senior og kvinner senior. Disse tel sjølvsagt ikkje med i NM-konkurransen, men står på same resultatlista.
Det var fellesstart for alle klassane i lia ovafor Vang, og løypa gjekk opp til toppen ved masta på Strengen, og nedover igjen til målområdet litt ovafor starten. Herreklassen kjørte 3 rundar, medan dei andre klassane kjørte 2 rundar.
Det var nok herreklassen som kom mest i fokus, for Ola Hovdenak leda nærast frå start til mål. Men først til toppen var på første runde var Ola Berger, med ein margin på 12 sekund til Ola Hovdenak. Det spørs korleis kampen mellom dei to hadde vorte om ikkje Ola Berger hadde øydelagt bindingen slik at han måtte bryte etter førsterunden. I kvinneklassen leda Emilie Forsberg (Sverige) frå start til mål, men noregsmeister og gullmedaljevinnar vart Malene Haukøy frå Høyang I.L. Her finn du den komplette resultatlista som PDF.
Todalen Idrettslag fekk forresten mykje skryt for jobben som arrangør, både frå løparane og frå Martin Bartnes som representerte Norges Skiforbund. Rennledar Nils Ove Bruset fortel at Skiforbundet har signalisert at laget bør starte arbeidet med å søke WC-arrangement, men det vil nok Bruset &Co ha litt meir tid på å vurdere, ettersom vi forstår. Rennledar Nils Ove Bruset vil elles nytte høvet til å takke alle som har stilt opp for å få i hamn dette arrangementet. Han rettar og takk til sponsorane som har vore Kårvatn Fjellutstyr, Talgø Invest, Svorka Energi, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune. Og ein spesiell takk til I.L. Søya som på kort varsel lånte bort klubbhus og sekretariat på Vang skiarena.
Vi i Todalen.no vil og nytte høvet til å takke alle bidragsytarane som har sendt oss mykje bilde frå arrangementet. Vi har fått bilde frå: Kjetil Sogge, Tore Korsnes, Knut Haugen, Vidar Sogge og Brit Grønmyr. Vi har derfor valt å legge ut eit bildegalleri frå kvar nedafor i tillegg til våre eigne bilde som ligg nederst. Det vart mange bilde, og bildetekstene vart nok litt på slump. Er det tekster som har feil namn etc. så send oss ein e-post om det så skal vi rette opp.
Foto: Kjetil Sogge
Foto: Tore Korsnes
Foto: Knut Haugen
Foto: Vidar Sogge
Foto: Brit Grønmyr
Bilder frå NM-arrangementet og litt meir enn bare skirennarar: Foto: Driva/Jon Olav Ørsal