Sjølv om vinteren fortsetter nokre månader til er sola allereie på vet opp at. Ein mørk desembermånad har ikkje vore til hinder for dei flittige fotografane som sender inn bilete til oss, og no skal vi kåre månadens bilete for desember. Dette blir siste avstemning før vi går i gang med avstemning av den gjeve tittelen årets bilete for 2012!
Vi håpar mange også vidare utover den mørke årstida tek fram fotoapparatet og sender oss bilete på epost: red@todalen.no.
Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden og som dermed fortsatt har moglegheit til å vinne kruset for desember. Stem på din favoritt nederst på sida. Du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til mandag kveld. Trykk på bileta for å sjå full storleik.