Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Prøveskyting før hjortfesta

Prøveskyting før hjortfesta

Elinor Bolme Måndag 14. januar 2013

Årets hjortfestkomite er snart klare for å be inn til Hjortfesta 2012. Laurdag brakar det laus med utdeling av «Den gyldne patron», servering av viltmat (?) og nytt  av året; kåring av årets jaktlag med jaktsimulator. Her skal dei fire jaktlaga i bygda møtast til dyst i presisjonsskyting med bruk av skytesimulator. I den anledning opnar arrangørane dørene til Todalen Ungdomshus onsdag 16. januar kl 18 og utover for prøveskyting. – Dei andre jaktlaga skal i allefall ikkje få skulde på at dei ikkje har fått prøve før dei tapar, seier Lars Sæther i Kvendset jaktlag til todalen.no. Så da er det berre å møte for dei aktuelle jegarane på Halle/Husby, Bruset/Øya/Halset, Talgøy/Kårvatn og Kvendset jaktlag for å ta en runde med prøveskyting. Vi andre kan møte direkte i ungdomshuset til den sosiale biten på laurdag.

Bilettsalget vil forøvrig kun foregå i Ungdomshuset før festa byrjar på laurdag melder komiteen.

Publisert: 14. januar 2013, 21:37