Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Netcom slit med dekninga i området

Netcom slit med dekninga i området

Elinor Bolme Måndag 7. januar 2013

Fleire har i løpet av kveldinga meldt om utfall av Netcomnettet i bygda. Todalen.no tok ein kjapp telefon til Netcom sin kundeservice, og den hyggelege dama kunne bekrefte at dette var tilfelle. Området det gjaldt var forholdsvis stort, heilt opp til Orkanger og Kyrksæterøra. Noko konkret rettetid kunne ho ikkje gi, abonnentane må desverre berre smøre seg med tolmodigheit…denne gongen også. Men ho oppfordra til å ringje opp att om forholda ikkje betra seg over lengre tid.

Etter som todalen.no forstår gjeld det både mobil og fasttelefoni denne gongen også. Vi har fått bekrefta at tryggheitsalarmane med dette ikkje verkar, og det på 5. døgnet. Mange todalingar tykkjer no at dette byrjar likne ein farse.

Driva har også hatt sak på liknande problemstilling i Øksendalen/Jordalsgrenda, der dei har vore heilt utan dekning i helga. Her kan du lesa om det.

Publisert: 7. januar 2013, 21:39