Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Det er mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn…..
Etter ein lang og kald vinter er det fint å kunne rydde og rake vekk kvistar, lauv og gammel fynne. Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og på kyrkjegardsdugnaden vart det atskillig mange trillebårlass rund på heile kyrkjegarden. – Vi var utruleg heldig som fikk så god hjelp til ryddedugnaden vår, sa soknerådsleiar Britt Mossing som kunne registrere eit førtitals deltakarar på kyrkjegardsdugnaden.

Gudsord med gjenklang og fin påskestemning på Haugligardane
Med alter som var pynta med snøklokker og påskeliljer var reint så god stemning da Todalen sokneråd samla rundt 50 deltakarar til friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på veret og flytta arrangementet inn i kyrkja.

Haugligardane: Friluftsgudsteneste rundar av kyrkjepåska for i år
2. påskedag – måndag 2. april er inviterer soknerådet på tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane. Tradisjonelt brukar det å være godt vêr, og det ser ut til at vêrgudane står oss bi i år også, seier Anders Gjeldnes i Todalen Sokneråd. Liturg er sokneprest Kristin Strand.
Kyrkjepåska i Todalen
Tradisjon og fornying pregar dei to påskegudsteneste i Todalen i år. Skjærtorsdag kveld kl. 19.30 er det vandring i tekst og tonar gjennom høgtida. Andredagen kl. 12 blir det halde friluftsgudsteneste på Haugligardane.
123 000,- til rent vann
Her er resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til fasteaksjon. Det rettes en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 20.03.18.
Vatn tek liv – og det er vårt ansvar
Nokre stader i verda får stadig mindre vatn, andre stader vert det stadig meir vatn. Klimaendringar er ei global utfordring, og derfor også vår utfordring. Me må både stanse endringane og hjelpe dei som allereie er ramma.
Handlar lokalt, tenkjer globalt
20. mars er det klart for årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Denne blir gjennomført av konfirmantene rundt om i kommunen, og Gro Hauge Venås frå kyrkjekontoret har sendt oss ei pressemelding.

Interessant årsmøte for Todalen sokn
Andre søndag i faste, og Todalen kyrkje var fint pynta i fargene som høyrer til fastetida. Kirkens Nødhjelp har kvart år fasteaksjon, og i 2018 er temaet: «Saman sørger vi for livsviktig reint vatn til enda fleire menneske.» I år er datoen for fasteaksjonen her 20. mars, og da kjem konfirmantane rundt til heimane i bygda slik at alle kan vere med å hjelpe.

No kan du gje takkoffer med Vipps….
Todalen sokneråd har fått Vipps og det er no mogleg å gje både takkoffer og pengegåve til soknerådet med Vipps. Todalen sokneråd finn du enten ved søk i Vipps eller ved å bruke kode 506908.

Gudsteneste med årsmøte i Todalen sokn
Komande søndag, 25. februar, er det 2. søndag i fastetida. Da er det tillyst gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Kristin Strand som liturg. Etter gudstenesta blir det årsmøte for Todalen sokn. Takkoffer til Kyrkjebladet.

Inviterer til innsettingsgudsteneste i Stangvik kyrkje
Nypresten, Kristin Strand, har for lengst hatt si første gudsteneste i Todalen kyrkje, men søndag 11. februar kl 11, er det offisiell innsetjing av nypresten i Stangvik kyrkje. Innsetjinga skjer ved Prost Leif Endre Grutle, og i samband med innsetjingsgudstenesta inviterer Stangvik sokneråd alle til å bli med på innsetjingsgudstenesta og kyrkjekaffe i prestegarden etterpå. […]

Varm velkomst til nypresten i Todalen
Søndag vart prest Kristin Strand ønskt varmt velkomen av kyrkjelyden i Todalen. «Det er trygt og godt at vi no har fått fast prest i soknet vårt,» sa leiaren i soknerådet Britt Mossing da ho ønskte Kristin Strand velkomen.