Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Presenterte nye konfirmantar og dåpsbarn
Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje, der neste års konfirmantar vart presentert. Dei er tre i talet og skal gjennom hausten og vinteren få konfirmasjonsførebuing, og skal ta del i gudstenestene saman med soknepresten. Under gudstenesta var det også dåpshandling, der lille Louise Røv vart båret til dåpen.
Oversikt over gudstjenester
Todalen Sokneråd har sendt oss oversikta over gudstjenestene for siste halvdel av kyrkjeåret. Alle datoene ligg også inne i Aktivitetskalenderen vår.
Val av nytt sokneråd
Måndag 9. september er det val av nye sokneråd og bispedømeråd. Her i Todalen er vallokalet i Todalen oppvekstsenter, i gymsalen på skulen. Vallokalet er ope frå 12.00 til 20.00, altså same tida som stemmelokalet til kommune- og fylkestingval.

Når kvinner slepp til – kvinnefrigjering i Etiopia
Måndag 2.sept kl.19 blir det eit litt uvanleg samarbeid mellom Misjonnselskapet og Stangvik grendalag i Bondehuset. Noko av bakgrunnen er at fleire av kykjelydane i Surnadal har eit prosjekt i forhold til Etiopia. Dette gjeld også Todalen kyrkjelyd, fortel Arne Drøpping representant for NMS i ein epost.

Velstelt kyrkjegard på 1-2-3
Mange kom og ville hjelpe til med slåttedugnad på kyrkjegarden i dag. Det gjorde at det gjekk fort unna å få slått rundt kyrkjegardsmuren på begge sider, rundt alle gravstøttene, kyrkja og heile plen arealet. Graset var slettes ikkje på overtid, men med det fine veret som har vore i det siste var det greit å få teke ein skikkeleg slått rundt om.

Dugnad på kyrkjegarden
Kyrkjegarden har i sommar vore slått på dugnad. Dette har stort sett vore organisert av Ragnar Halle og Eivind Grønmyr. Førstkommende torsdag kl 18 skal dei til med ei ny økt, og treng hjelp til å slå heilt inntil gravstøttene og rundt kyrkjegardsmuren.

Gudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag 30.juni kl. 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Kristin Strand i Todalen kyrkje. Takkoffer til Kyrkjebladet.

Menighetenes leirprogram i sommer
De lokale menighetene i Surnadal, Rindal og Halsa har planene klare for sommerens leirprogram. Til sammen er det planlagt 5 forskjellige leirer gjennom sommeren og de har litt av hvert å by på, men påmeldingsfristen begynner å nærme seg; torsdag 13.6.

Blir du med og tek eit tak med riva?
I dag blir det ein liten dugnad med klipping av kyrkjegarden, for å pusse opp litt ekstra til sommaren. – Men, det manglar litt mannskap med kantkløppar eller rive til å være med og hjelpe til ei kveldsstund, melder Ragnar Halle som er i «kløpparkomiteen».

Fikk med gode råd på vegen
Todalen kyrkje var på det næraste fullsett under konfirmasjonsgudstenesta sist søndag. 3 unge og trivelege damer vart i dag konfirmert av sokneprest Kristin Strand.
Idag: Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje
I dag kl. 11 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er sokneprest Kristin Strand som er liturg, og dei tre konfirmantane er Karoline Brøndbo, Silje Øyen og Lina Husby Nygård. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Mange deltok på kyrkjegardsdugnaden
Kyrkjegardsdugnaden torsdag kveld var fort unnagjort. Mellom 40 og 50 kom for å delta på dugnaden, og med effektiv leiing var dugnaden ferdig i løpet av eit par timar. Da var kyrkjegarden og området rundt ferdig rydda og raka og det vart tid til ein lang kaffepause før alle dro kvar til sitt.