Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til konfirmantfest og -jubileum

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. oktober 2019

Todalen sokneråd inviterer til jubileumsfest saman med årets 50-årsjubilantar, laurdag 12. oktober kl 18.00. Det er konfirmantane frå 1969 som er årets jubilantar, og dei var 6 i talet som vart konfirmert av Karl Jakobsen som var sokneprest i Stangvik den gongen.

Jubileumsfesta går føre seg i Todalen ungdomshus, og soknerådet byr på middag, kaffe og litt underhaldning, quiz og loddsal. Det er høve for alle til å delta på jubileumsfesta, og påmelding skjer til Britt Mossing, på telefon 938 12 372 – innan 6. oktober.

Søndag er det hausttakkefest i Todalen kyrkje kl. 11.00, med sokneprest Kristin Strand som liturg.  Det blir og utdeling av kyrkjebok til 4- og 6-åringane.  Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe. 

Først publisert: 1. oktober 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 30. september 2019, 19:36