Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

OPPDATERT – Kyrkjegardsdugnaden flytta til torsdag 26.august
Den tidlegare annonserte kyrkjegardsdugnaden tysdag 24.august klokka 17:00, blir flytta til torsdag 26.august klokka 17:00. Grunnen til dette er dårlege vêrmeldingar tysdag med mykje nedbør. Som tidlegare annonsert så er det denne gongen dugnad for å slå graset på kyrkjegarden og fli den opp til konfirmasjonsgudstenesta laurdag og til hausten som står på programmet. Ta difor med kantkløppar eller anna høveleg reiskap.

Konfirmasjonsgudsteneste laurdag
Laurdag 28.august klokka 13:00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Todalen sokneråd opplyser at det er begrensa med plassar i kyrkja denne dagen, slik at dei som ønskjer å vere med på konfirmasjonsgudstenesta, må melde seg på. Påmelding skjer til Frode Grønmyr på telefon 480 68 543. Påmeldinga gjeld ikkje for dei som er invitert av konfirmantane, dei er allereie registrert,

Friluftsgudstenesta vart velsinga med sol
Det såg faktisk litt grått ut i dag tidleg, og nokre regndråpar låg att på terrassen og varsla om at vêret kanskje ikkje var heilt trygt. Men det var berre falsk alarm, for vêret vart betre utover føremiddagen, og da frilustsgudstenesta starta var det både god temperatur og lite som kunne minne om regn. Da gudstenesta starta kl 11 var det faktisk eit 40-tal som hadde benka seg i arboretets uterestaurant. Og sjølv om blomstringa nok er på hell, vart da uterestauranten ein staseleg katedral og ga friluftsgudstenesta ein fin atmosfære.

Søndag blir det friluftsgudsteneste i arboretet
Søndag 8. august arrangerer Todalen sokneråd friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Gudstenesta startar kl 11.00 og det er Vidar Rygh som er liturg, og organist er Ronny Kjøsen. Dersom det blir dårleg vêr blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje. Det blir i så fall kunngjørt på Todalen.no.

Kyrkjeklokkene ringer torsdag 22.juli
I morgon er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya, der til saman 77 menneske vart drepne. I samband med tiårsmarkeringa av denne dystre hendinga 22.juli 2011, vil alle kyrkjeklokkene, over heile landet, ringe i fem minutt, frå klokka 12:00 – 12:05 torsdag 22.juli.

Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 18.juli
Søndag 18.juli klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Leif Endre Grutle medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Takkofferet kan, i tillegg til kontantar i kyrkje, vippsast til vipps 506908

Velstelt kyrkjegard
I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian.

Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 27.juni
Søndag 27.juni inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg er Leif Endre Grutle, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til Kirkens SOS. Vipps: 506908.

Nystussa kyrkjegard med dugnadsinnsats
Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen. Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.

Vårsongkveld i Todalen kyrkje
I går kveld var det vårsongkveld i Todalen kyrkje. Når sant skal seiast, så har vi akkurat gått inn i sommarmånadane, både på kalenderen og temperaturmessig, men namnet skjemmer som kjent ingen, og det vart ein fin songkveld med både allsong og solonummer! Eit lite trettital hadde «trossa» finvèret og teke turen til kyrkja, noko dei ikkje angra på.

«Slåttedugnad» på kyrkjegarden torsdag
Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, informerer om at det blir «slåttedugnad» på Todalen kyrkjegard torsdag 3.juni klokka 18:00. Det må slåast gras mellom greftene og langs med murane, der «slåttakarane» ikkje kjem til med graskløpparen når dei slår kyrkjegarden. Så han oppfordrar difor til at folk tek med seg kantkløppar på dugnaden.

Vårsong i Todalen kyrkje
No er det lenge sidan det har vore arrangert konsertar og andre arrangement i Todalen kyrkje. Men onsdag 2. juni klokka 19.00 gjer Todalen sokneråd noko med dette og inviterer til songkveld.