Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konfirmasjonsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2022

Dagens konfirmasjonsgudsteneste vart ei verdig avslutning både for  konfirmasjonsopplæringa for dei to konfirmantane og for vikarprest Cathrine Grutle som hadde si siste gudsteneste i Todalen kyrkje før ho flyttar herifrå.  Konfirmantane har fått konfirmantopplæring det siste året, og markerer altså avslutninga med konfirmasjonsfest. I år var det to konfirmantar i Todalen – Nora Kårvatn og Shan Allan Halle.

Cathrine Grutle hadde si siste ordinære gudsteneste i Todalen kyrkje i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Grutle heldt ei flott preken til konfirmantane og samanlikna det som skjer i konfirmasjonsopplæringa med sommarfugleffekten – forklart som at det som skjer her kan påvirke det som skjer andre plassar.  Den du er og det du gjer betyr noko for andre. Ho nærast samanlikna livet med sommarfuglanes livssyklus. 

Både konfirmantane og presten fikk skryt for godt samarbeid av soknerådsleiar Kristian Gjeldnes. Konfirmantane fikk ei rose som synleg bevis i tillegg fikk dei kvar si songbok. Foto Jon Olav Ørsal

Kristian Gjeldnes takka både konfirmantane og presten for triveleg hopehav gjennom det siste året – konfirmantane har vore til god hjelp både under gudstenestene og anna arbeid i menigheita. Dette markerte han med ei rose til kvar og ei songbok som dei fekk i gåve.  Dagens takkoffer gikk tik konfirmantarbeidet i kyrkja.  

Konfirmantane Nora Kårvatn og Shan Allan Halle saman med vikarprest Cathrine Grutle. Foto Jon Olav Ørsal

Seansen utafor kyrkja vart fort unnagjort i regnvêret – foto Jon Olav Ørsal

Treftest utafor kyrkja – frå venstre Terje Nordvik, Knut Halset og Terje Storli – foto Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 28. mai 2022, 19:26 - Sist oppdatert: 29. mai 2022, 07:40