Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Friluftsgudsteneste og konfirmantjubileum i arboretet
Regnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag. Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova. Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar.

Søndag: Inviterer til friluftsgudsteneste i Svinviks arboret
Søndag 17. august klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i Svinvik arboret, om vêret tillet det. Dersom vêret ikkje er bra, og regnet høljer ned, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje til same tid.

Torsdag vil kyrkjeklokkene ringe for Gaza
På siste kyrkjemøtet vart det gjort vedtak om at alle domkyrkjene og lokalkyrkjene som har høve til det skal ringe for å markere sin støtte til sivilbefolkninga i Gaza. Dette blir gjort gjennom å ringe med kyrkjeklokka og samtidig tenne eit lys og be for Gaza. Det skjer torsdag 7. august frå kl. 15:00.

Gudsteneste med både kor- og solosong
Under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje bidrog Straumsnes songlag med korsong – det var i samband med songarstemnet i Surnadal i helga at vi fekk utlånt eit songkor for å delta korsong. Det er utruleg kor godt det løftar allsongen når du får med eit heilt kor.

Jonsvaka i Åsskard: Folketonar i vakker ramme
Åsskard har feira Sankthans med Jonsvaka i over 40 år. Fredag 20. juni er folkesongaren Runa Kvalsund gjest med arrangørkoret P17 og fløytisten Tove Elin Strand. Solisten har studert folkemusikkens opphav og syngemåte. Slik får publikum oppleva viser, salmetonar, kringelhauk og trallating på den ekte «gammelmåten»

Inviterer til song- og musikkgudsteneste i Todalen kyrkje
Todalen Sokneråd inviterer til song- og musikkgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 15. juni klokka 11:00. Da kjem Straumsnes songlag og solisten Nina Halset på besøk. Pål Arne Winsnes er liturg og Amund valde spelar orgel og piano.

Pinsefest i Stangvik og strålande kyrkjedag
Nydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset.
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa.

Nasjonaldagsfeiringa avslutta med gudsteneste
Feiringa av nasjonaldagen i Todalen vart også i år avslutta med gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Borghild B. Talgø var tekstlesar og Amund Valde var organist. Mange møtte opp, og det vart ei fin gudsteneste og ei verdig avslutning på nasjonaldagsfeiringa.

Flott konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje
I dag låg det godt til rette for ei flott konfirmasjonsgudsteneste – sol frå blå himmel har vore noko uvant den siste tida og vart nok difor lagt så godt merke til. I år var det to konfirmantar i Todalen, nemleg Trygve Alexander Halle og Jens Sancho Hadraque Ansnes, og det var Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Åsmund Valde var organist. Rundt 80 personar deltok i konfirmasjonsgudstenesta, og med det vart det ein flott salmesong.

Inviterer til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje
Laurdag 10. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det er prost Vidar W. Rygh som er liturg under konfirmasjonsgudstenesta, medan Amund Valde er organist.

17. mai-programmet i Todalen er klart
Programmet for feiringa av nasjonaldagen i Todalen er klart. Programmet tek til med det tradisjonelle biltoget rundt bygda, og blir avslutta med nasjonaldagsgudsteneste i Todalen kyrkje. I staden for tale for dagen, blir det i år historisk bildekavalkade frå Todalen historielag sitt historiske arkiv ved Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe. Tema vil sjølvsagt vere nasjonaldagsfeiringa i Todalen opp gjennom åra og nyare tid.

Bra oppslutning om kyrkjegardsdugnaden
Måndag kveld arrangerte soknerådet dugnad for å rydde opp etter på kyrkjegarden før det skal arrangerast konfirmasjon. Samtidig var det ei gruppe som sørga for ein kjapp runde med rundvask for å få ut vinteren frå kyrkja. Som vanleg var det bra deltaking på dugnaden, og sjølvsagt var det dugnadskaffe til heile gjengen etterpå.