Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sanitetsforening

Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.

Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.

Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet

Leiar: Solveig Glærum

Nestleiar: Nina Heimlund

Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe

Sekretær: Steffi Bohle

Styremedlemer: Kari Kvendset og Åse Ville Redalen

Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal

Omsorgsberedskap: Nina Heimlund, Kari Kvendset, Jorunn Husby og Maren Ansnes

Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.

Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429  om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.

Først publisert: 19. november 2009, 16:10 - Sist oppdatert: 7. februar 2024, 12:02

Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 16. februar 2022

Todalen sanitetsforening har vore i kontinuerleg drift sidan 1916, det står det respekt av! Foreininga heldt årsmøte tysdag 15. februar med godt oppmøte og presenterte ei årsmelding som viser stor og god aktivitet for året 2021.


Sesongstart i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. februar 2022

Måndag, godver og kløvertur– fin start på veka! Sola var litt gøymt bak eit tynt skylag, men ho vermde og gav ei aning av vårstemning.


Kløvertur utover Stranda, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. februar 2022

Todalen sanitetsforening melder at det måndag 14. februar blir kløvertur, den første i 2022. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00.


Strikkekaffe i Todalen sanitetshus

Dordi Jorunn Halle Onsdag 9. februar 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 12. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!


Innspurt i saniteten sitt «kunstlotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. februar 2022

Tysdag 15. februar, under årsmøtet til Todalen sanitetsforening, er det trekning i sanitetsforeninga sitt «kunstlotteri». Det er kunstverket «LYKKE», som er laga av kunstnaren Marit Bergem, som er gevinsten i «kunstlotteriet» denne gongen. No er det innspurt i loddsalet, og siste frist for å kjøpe lodd er måndag! 



Svorka og Sylvia Stokke med julegåve til Todalen sanitetsforening

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I år har Svorka bestemt at alle tilsette skal få kr. 1.000 for å gje til eit ikkje-kommersielt føretak. Sylvia Stokke, konsernleder salg og marked i Svorka, valde å gje si gåve til Todalen sanitetsforening. Dette fekk medlemmene i Todalen sanitetsforening vite under deira juleavslutning i Todalen sanitetshuset i går kveld. 


Fotpleie i desember

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. november 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. desember. Det er mange ledige timar båe dagane.


Kosa seg med strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. november 2021

Laurdag var siste runde med strikkekaffe før jul, og det vart ei lita og intim samling – med og uten strikketøy.  Det var ikkje så mange som møtte opp denne gongen, da det var kollisjon med andre arrangement, mellom anna julemesser som det no er aktuell tid for.  men triveleg vart det lell, og dei som møtte opp hadde ei triveleg stund i Sanitetshuset. 


Laurdag: – Inviterer til strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. november 2021

laurdag inviterer Todalen Sanitetsforening til ny «strikkekaffe»   i Sanitetshuset på Kvennset.  Strikkekaffen startar kl 13 og varer til kl 16, og er siste strikkekaffen før jul. Da bys det på triveleg samvær og utloddning  – og med enkel kaffepause med noko attåt.  Ta gjerne med ein liten gevinst.  –  Og sjølvsaget er alle velkomne – […]


Lokal markering av eigenberedskapsveka 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. november 2021

Todalen sanitetsforening markerer i dag Eigenberedskapsveka 2021 med stand på Matkroken Todalen. Dei vil vere til stades her utover dagen og fram i mot stengetid. Her viser dei fram ting det kan vere lurt å ha i huset om ein kritisk situasjon skal oppstå. Dei har også med seg brosjyrer laga av Direktoratet for samfunnstrygghet og beredskap, brosjyrer som fortel litt om kva det kan vere lurt å tenke på, slik at ein er godt førebudd om ein kritisk situasjon skal oppstå. 


Eigenberedskap, er det nødvendig da?

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. oktober 2021

Det er spørsmålet Surnadal Sanitetsforening stiller i ei pressemelding no i ettermiddag. Bakgrunnen er at Direktoratet for sikkerhet og beredskap, i neste (1. – 7. november) rettar søkelys på eigenberedskap. Sanitetsforeiningane i Surnadal kommune, saman med kommunen markerer denne kampanjen med ulike aktivitetar rundt om i kommunen. Det blir arrangement mellom anna på Matkroken Todalen, Alti Surnadal, Matkroken Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden.