Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæter
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Elinor Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Full fart oppå Tjønnmyrå
Ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag arrangerer aktivitetar på Tjønnmyrå måndagskveldane. Dette er eit fint tilbud for små og store, og er i staden for lagseriestemne på Bordholmen.
Innkjøp av utstyr for Ræta opp pengane innkjøpt
I går var Kenneth Reiss frå Aktiv for epilepsi ute for å handle inn utstyr til barne og ungdomsavdelingen på spesialsykehuset for epilepsi i Sandvika. Aktiv for Epilepsi skriver følgende på sin facebookside: Dette har blitt mulig på grunn penger som har blitt tildelt fra arrangementet Ræta Opp i Todalen og KOLLENTRAPPA 👍 Tusen takk […]
Riktig godt fornøgd med sesongen!
Torsdag kveld var det sesongavslutning på Bordholmen for Knøttelaget i Todalen. Her var det berre blide fjes, og alle var godt fornøgde med fotballsesongen 2018!
KBK-Haugesund – no kan du vinne billetter til kampen!
Todalen idrettslag har fått 4 billetter til elitefotballkampen KBK – Haugesund som går på heimebane i Kristiansund søndag 23. september. Idrettslaget lager ein liten konkurranse ut av dette, og inviterer Todalen.no sine lesarar til å bli med – Det blir to vinnarar, og premien er 2 billetter til kvar som blir trekt ut.
Flott tur over fjellet frå Ålvundeid til Todalen
Du kunne faktisk ikkje fått betre turvêr enn deltakarane på Trollheimsmarsjen fikk På turen frå Leikvoll på Ålvundeid overfjellet til Todalen og målgang på Bordholmen. I år som i fjor gikk turen frå Ålvundeid og over Todalen og ikkje frå Todalen til Ålvundeid, og det har faktisk gjeve betre deltaking i marsjen. I År var det 68 deltakarar medan det i fjor var 75. Det ser ut til at logistikken fungerer betre på denne måten, seier leiar for TILs trimgruppe Jorunn Nordvik, som var overraska over at halvparten av deltakarane i år var med for første gong.
Trollheimsmarsjen er i gang
Klokka 9.00 starta dei første deltakarane frå Leikvoll på turen over Vardan og til Todalen. Det er i disse dager 10 år sia førte gong trollheimsmarsjen var arrangert i samband med 100-årsjubileet til I.L. Ulvungen og Todalen I.L.. Men dagens marsj er nr 9 i rekkja, for Marsjen har vore avlyst 2 gong i denne perioden. […]
Det vart ei vakker «Lykkekstynnj» i Ungdomshuset
Svanhild Husby med band inviterte til «Lykkestynnj», og det vart ei god og fin stund i Ungdomshuset med vakker song og musikk; – tekster som varierte frå dei fine og vare til dei meir lette og humørfylte. Svanhild Husby er utruleg flink både med ord og tonar!
Klart for Trollheimsmarsjen på søndag.
I.L. Ulvungen og Todalen I.L. minner om Trollheimsmarsjen som arrangerast komande søndag og at marsjen denne gongen går frå Ålvundeid til Todalen. Deler av merkinga er alt på plass, og søndag morgon er det klart for start mellom kl 9.00 og 11.00. Det er sett opp ein bussavgang frå Todalen til Ålvundeid, med start frå Bordholmen kl 8.30 og påmelding skje ved starten på Leikvoll.
Full rulle, også når dei litt eldre spelar
Surt, kaldt og vått vêrbruk la ingen dempar på hverken innsats eller humør hos dei tre fotballaga som møttes til dyst i Nordmøre Championship på Bordholmen i kveld. Likevel vart ikkje temperaturen på spelarane så høg at det måtte roast ned, eller at nokon vart skadde.
Stengt grunna oppussing
Todalen Ungdomshus blir stengt for all aktivitet frå 1. september fortel John Moe. Huset har dessverre fått ein lekkasje som må utbetrast snarast. I tillegg blir det utskifting av glas på ytterdelen når det først kjem handtverkarar til gards fortel han til redaksjonen.
Idag er det klart for årets Trollheimsmarsj!
Søndag 2. september er det klart for årets Trollheimsmarsj. I år som i fjor startar Trollheimsmarsjen frå Leikvoll stadion på Ålvundeid, og går opp Børsetlia etter heistraseen og over fjellet til Todalen, der det er målgang på Bordholmen stadion. Starten går frå leikvoll mellom kl 09.00 og kl 11, og det blir busstransport frå Bordholmen til Leikvoll både før start og etter målgang. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L.Ulvungen og Todalen I.L.
Kom på NC på Bordholmen søndag
Søndag 26. august er det igjen tre kamper på Bordholmen i bredde/elite-serien Nordmøre Championship. Kl 18 møter Todalen rivalen Bøfjorden og kl 1845 møter dei Trollheimen. Siste kampen er mellom Trollheimen og Bøfjorden 19.30. Dette er 7-er fotball i ein serie med 6 grendalag. Vinneren etter 10 serierunder kan kalle seg Nordmørsk Champion. Kiosken er naturlig […]